Hopp til innhold

– Som 100 trafikkulukker på ein gong

Frankrikes helseminister Marisol Touraine rosar innsatsen til medarbeidarane på Universitetssjukehuset i Nice. Dei tok seg av flesteparten av dei såra etter blodbadet på strandpromenaden torsdag kveld.

Universitetsjukehuset i Nice.

Universitetssjukehuset i Nice- også kalla Pasteur II-sjukehuset tok mot 107 såra menneske etter terroraksjonen.

Foto: Claude Paris / Ap

Terrorangrep i Nice.

To kvinner sørgjer over tapet av slektningar etter terrorangrepet i Nice.

Foto: Claude Paris / Ap

Då dei første hardt såra pasientane byrja å kome inn ved 23-tida torsdag kveld, sette sjukehuset i verk kriseplanen ved terrorangrep, som dei øvde på seinast 8. mars i år. Då vart det simulert eit terrorangrep mot Nice, og dette var utgangspunktet for kriseplanen.

– Vi hadde øvd på knivangrep, bombeeksplosjonar og til og med eit angrep med kjemiske våpen. Men ingen av oss hadde tenkt seg eit angrep med lastebil, seier anestesilegen til Le Monde.

– Eit blodbad

Eit team med 20 kirurgar og 20 intensivlegar, pluss eit stort støtteapparat, har jobba på spreng heile natt til fredag. Universitetssjukehuset tok mot 107 såra menneske, og for 25 av desse var situasjonen livstruande.

Anestesilegen Nicolas Venissac seier til Le Monde at han vart sjokkert over omfanget av terroraksjonen.

– Det var som å handtere 100 bilulukker på ein gong, sier han og fortsetter:

Det var eit blodbad. Når det kjem så mange pasientar inn med alvorlege skadar i løpet av kort tid, så blir det som å vere i ei krigssone.

anestesilege under Nice-terroren

President Francois Hollande besøkte sjukehuset.

Også president François Hollande vitja Pasteur II-sjukehuset i Nice fredag.

Foto: Eric Gaillard / Ap

– Ekstraordinær innsats

Helseminister Marisol Touraine rosar helsearbeidarane ved sjukehuset for det flotte arbeidet dei la ned for å redde liv, ifølgje den franske avisa Le Monde.

– Eg vil takke for den ekstraordinære innsatsen helsepersonellet og sjukehuset har vist det siste døgnet. Dei har gjort eit stort arbeid for å redde flest mogleg liv, sa ho i eit intervju med fjernsynskanalen BFM-TV i dag

Marisol Touraine

Helseminister Marisol Touraine rosar innsatsen til helsearbeidarane på Universitetssjukehuset i Nice.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

Omfanget av katastrofen var enormt. Dei såra kom inn på løpande band, og eit stort apparat jobba med å prioritere og klassifisere skadane. Det var ein vanskeleg jobb for dei som skulle velje kven som skulle få hjelp først.

Han er glad for at beredskapsplanen deira fungerte, men at dei likevel ikkje var førebudde på denne typen terror.

SISTE NYTT

Siste nytt