Hopp til innhold

Britisk politi ikkje i tvil: Menneskehandel er i vekst

Politi og hjelpeorganisasjonar er samde om at problemet med menneskehandel og slavehald er eit aukande problem i Storbritannia, og at det er fullstendig uakseptabelt.

Bydelen Lambeth i London.

Det som kan vere ei alvorleg menneskehandelssak er under etterforsking i bydelen Lambeth i London.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Shaun Sawyer er politisjef i Devon og Cornwall og nasjonal talsmann i innvandringssaker. Han er ikkje i tvil om at det er ein vekst i saker der menneske blir haldne som slavar i Storbritannia. Og politi og hjelpeorganisasjonar er samde om denne verksemda er fullstendig uakseptabel.

– For 200 år sidan var det fotlenkjer som heldt slavane på plass. I dag er psykologiske lenkjer som held desse menneska under kontroll. Det er ein industri, ein ulovleg handel med liten risiko for å bli teken. Menneske blir til salsvare, dei blir kjøpte, selde og utnytta, seier Andrew Wallis til BBCs Radio 4.

Menneske blir til salsvare, dei blir kjøpte, selde og utnytta,

Andrew Wallis

Aukande problem

Wallis er leiar for organisasjonen Unseen (Usynleg), som hjelper offer for menneskehandel. Han er forferda over saka der tre kvinner seier dei har vore haldne som slavar hos eit ektepar i London i 30 år.

Politiinspektør Kevin Hyland i London-politiet.

Politiinspektør Kevin Hyland sa i går at saka var den verste han hadde sett.

Foto: BEN STANSALL / Afp

– Det er forferdeleg at desse kvinnene har vore innestengde så lenge. Eg er ikkje i tvil om at problemet er aukande både i Storbritannia og i resten av verda, seier han i intervjuet.

Samstundes kjem det nye detaljar om kva som skjedde etter at ei av kvinnene som vart haldne i London, ringde til hjelpeorganisasjonen Freedom Charity.

Vineeta Thornhill hadde hovudkontakten med den irske 57-åringen som tok kontakt med dei. Ho fortalde at ho var halden som slave i huset i 30 år saman med ei 69 år gammal kvinne frå Malaysia og ei 30 år gammal britisk kvinne.

LES OGSÅ: - Kvinner haldne som slavar i hus i London i 30 år

LES OGSÅ: Mange reagerer på at London-ektepar vart sette fri mot kausjon

– Var svært forsiktig

Thornhill fortel at kvinna i starten var svært forsiktig med kva ho sa. Ho var tydeleg redd, og det tok tid å byggje opp tillit. Ho måtte lure seg til å bruke telefonen ho hadde fått tak i når ingen i huset høyrde henne, og Thornihill var aldri sikker på om ho kom til å ringje igjen.

– Eg var ikkje sikker på at vi skulle få dei ut før dei faktisk hadde kome seg ut, seier ho til The Guardian.

Vineeta Thornhill fortel at kvinnene ikkje har sagt noko som kan tyde på at dei har vore utsette for vald. Det var likevel tydeleg at dei var sterkt traumatiserte og hadde vore svært redde for kva ekteparet dei var halde hos, kunne gjere med dei.

Lang etterforsking

Dei tre kvinnene kom seg ut av huset i bydelen Lambeth sør i London 25. oktober. Saka vart ikkje kjend før i går ettermiddag, og London-politiet har gitt få detaljar om etterforskinga. Dei har gjort det klart at dei enno er i startfasen, og at etterforskinga kan kome til å ta lang tid.

Ekteparet som er skulda for å ha halde kvinnene i huset sitt mot deira vilje, vart arresterte i går. Natt til fredag vart dei sette fri mot kausjon. Mange har reagert på at dei vart sette fri så raskt, og også på kvifor dei ikkje vart arresterte før nesten ein månad etter at kvinnene kom seg ut.

Sist måndag publiserte organisasjonen Walk Free Foundation ein internasjonal statistikk over slavehald. Her blir det slått fast at nesten 30 millionar menneske lever som slavar i162 land. Ifølgje statistikken kan det vere over 4000 slavar i Storbritannia.


SISTE NYTT

Siste nytt