Hopp til innhold

– Skogsarbeid kan vera brannårsak

GAMLEBY, SVERIGE (NRK): Arbeid med ein skogryddingsmaskin kan vera årsaka til storbrannen i Sverige, etter det Sveriges Radio erfarer.

Det spekuleres i om skogsarbeid har noe med årsaken til brannen.

– Politiet har sett i gang full etterforsking av opplysningar frå ein skogsarbeidar som fryktar han har starta brannen, fortel NRK-medarbeidar Øyvind Nyborg som er i brannområdet i Sverige.

Skogbrannen i Västmanland i Midt-Sverige har herja eit område på 10 gonger 15 kilometer og er den verste i Skandinavia på 200 år.

Brannen kan ha starta i samband med skogsarbeid, melder Sveriges Radio.

Ein mann skal like etter klokka 13 torsdag ha teke kontakt med alarmsentralen i Sverige og varsla om at han hadde jobba med skogsarbeid og at skogryddingsmaskingen hans kan ha starta brannen.

Svensk politi etterforskar opplysningane, ifølgje Sveriges Radio.

Den 30 år gamle mannen som omkom i brannen dreiv også med skogsarbeid. Den 42 år gamle sjefen hans ligg kritisk såra på sjukehus på grunn av brannskadar.

Det er førebels uklart om det er ein samanheng mellom episodane.

Redningsmannskapene har ikke kontroll på brannen i Sverige

1000 personar er så langt evakuerte som følgje av storbrannen i Sverige.

Foto: FREDRIK PERSSON / TT / NTB scanpix

Skal granska brannen

10 helikopter og 4 vassbombefly jobbar torsdag med å sløkkja brannen frå lufta. I tillegg er mellom 120–140 personar i sving på bakken.

Statsministeren i Sverige Fredrik Reinfeldt reiser i dag til brannområdet. Den svenske regjeringa opprettar no ei gransking av katastrofebrannen.

– Det er ein eksepsjonell brann, den største i svensk historie. Det er viktig å finna ut kva som har skjedd og prøva å læra av det, seier den svenske statsministeren Fredrik Reinfeldt til TT

Oversikt over brannområdet i Sverige

Oversikt over brannområdet i Sverige, oppdatert 6. august.

Foto: Bing

Ikkje kontroll

På ein pressekonferanse klokka 13 i dag fortalde redningsleiar, Lars Göran Uddholm at de framleis ikkje har kontroll på brannen, men at det har vore nyttig å få på plass helikopterne.

– Vi har gjort framgang, synest eg, og klart å halde brannen innanfor de linjene vi har sett. Men vi har ikkje brannen under kontroll. Vi kan ikkje garantere at brannen ikkje blussar opp igjen, seier Uddholm.

Hele pressekonferansen kan du sjå i videoen under.

Redningsmannskaper arbeider på spreng for å få kontroll på skogbrannen i Sverige.

SISTE NYTT

Siste nytt