Hopp til innhold

– Sjalusi bak skytedrama i Sverige

Tre menn er funne døde og ei ung kvinne er hardt skadd etter eit skytedrama utanfor Arboga i Sverige. Politiet trur sjalusi ligg bak tragedien.

Politiet ved åstaden for skyteepisode i Sverige

UNDERSØKER: Teknikarar frå svensk politi sikrar spor på åstadene i Felingsbro ved Arboga, der to menn på 23 og 24 år blei funne skotne og drepne.

Foto: Petter Koubek / NTB scanpix

Politiet i Örebro fekk ved eitt-tida natt til måndag melding om at den 19 år gamle kvinna låg såra på ein gard ved Fellingsbro i Arboga-området aust for Örebro. Då dei kom til staden, fann dei også ein død 24 år gamal mann.

Skytedrama i Sverige

SKYTEDRAMA: 24-åringen og den skadde kvinna blei funne på denne eigendomen i Arboga. 23-åringen blei funne på ein eigendom ikkje langt unna. Politiet trur sjalusi er motivet for mordet.

Foto: SVT

Like etterpå blei ein 23 år gamal mann funnen drepen i ei leilegheit i Arboga, opplyser informasjonssjef Mats Nylén ved politiet i Örebro.

Ved lunsjtid måndag blei endå ein mann i 20-åra funnen død i Köping då politiet oppsøkte han i samband med hendingane i Arboga. Politiet meiner også dette dødsfallet ha samanheng med skytedramaet.

– Verkar som eit sjalusidrama

Teorien til politiet er at 24-åringen først skaut 23-åringen og kvinna, og at han deretter tok sitt eige liv.

Men omstenda er framleis uklare, understrekar politiet. Kvinna får behandling på intensivavdelinga ved universitetssjukehuset i Örebro.

– Det er ikkje noko som peikar i retning av organisert kriminell verksemd, seier Nylén i politiet.

– Snarare verkar det som det er eit familiedrama eller sjalusidrama som ligg bak dette, seier han.

«Romeo» tidlegare dømt

24-åringen er tidlegare dømt for grov mishandling, og kriminalomsorga tilrådde då behandling som skulle gjere det lettare for han å kontrollere aggresjon.

Kjelder Aftonbladet har snakka med, fortel at 24-åringen og den unge kvinna tidlegare var kjærastar. 24-åringen skal ha vore ekstremt forelska, og dei to blir omtalt som «Romeo og Julie».

Likevel tok forholdet slutt for tre månader sidan. Ein medverkande årsak til skytetragedien var ifølgje kjeldene ein krangel om 500 kroner som 24-åringen skal ha stole frå 23-åringen.

Dei to skal ha møtt kvarandre natt til måndag og deretter køyrt med bil til garden i Felingsbro, der 19-åringen bur saman med familien sin. Men undervegs skal noko ha gått veldig gale, og 23-åringen blei skoten.

Ein fjerde person som var i bilen, skal ha teke med seg den såra 23-åringen og køyrt frå staden. Men i staden for å dra til sjukehus, drog han heim til foreldra til mannen. Dei ringte etter ambulanse, men då den kom til leilegheita i Arboga, var 23-åringen allereie død.

Skoten medan ho sov

På garden skal 24-åringen ha teke seg inn til den 19 år gamle kvinna, som skal ha blitt skoten medan ho sov.

– Ho vakna av ein kraftig smerte og såg at eksen hennar var der. Ho spurte då om han hadde skote henne, sidan ho såg at han hadde ein pistol, hevdar ein av kjeldene til Aftonbladet.

Deretter skal 24-åringen ha teke sitt eige liv.

Kva som kan ha vore sambandet mellom dødsfallet i Köping og skytedramaet utanfor Arboga, er førebels ikkje kjent. Politiet har gjort tekniske undersøkingar på åstadane, og fleire personar er avhørt.

Arboga er ein småby med drygt 10.000 innbyggjarar som ligg i Västmanlands län.

SISTE NYTT

Siste nytt