Hopp til innhold

– Savile var eit «opportunistisk rovdyr»

– Det var fritt fram for den britiske TV-kjendisen Jimmy Savile å seksuelt misbruke 63 menneske på Stoke Mandeville-sjukehuset i Aylesbury, blant dei ein alvorleg sjuk åtteåring, heiter det i ein ny rapport som vart lagt fram i dag. Han var eit «opportunistisk rovdyr», heiter det blant anna.

BRITAIN-MEDIA-CHILDSEX-SAVILE-POLICE-FILES

Jimmy Savile, som døydde i 2011, var ein av dei verkelege superkjendisane i Storbritannia.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Den no avlidne BBC-programleiaren og superkjendisen Jimmy Savile hadde fri tilgang til dette sjukehuset og 27 andre offentlege sjukehus i Storbritannia. Rapporten frå Stoke Mandeville-sjukehuset slår fast at det vart sett fram minst ti formelle og uformelle klagar frå offera, men at ingen av dei vart tekne på alvor.

Det vart levert inn klage på Savile så tidleg som i 1972, men sidan ingen tok desse opplysningane på alvor, fekk Savile halde på som ha ville. Han skal ifølgje rapporten ha valdteke ei jente på åtte eller ni år ti gonger. Blant pasientar og tilsette vart han kalla eit «sex-uhyre».

Samla inn pengar

Kate Lampard.

Kate Lampard har lagt fram ein uavhengig rapport om overgrepa som skjedde på Mandeville-sjukehuset.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Det går også fram av rapporten at Savile, som gjorde ein stor innsats med å samle inn pengar til gjenoppbygging av sjukehuset, hadde brei støtte frå styresmaktene for pengeinnsamlinga, heilt opp til dåverande statsminister Margaret Thatcher.

I rolla som mannen som skaffa pengar til sjukehuset, hadde Savile fritt tilgjenge over alt på sjukehuset. Blant offera for Saviles seksuelle misbruk var både pasientar, tilsette og familiemedlemer av begge desse gruppene, melder The Guardian.

Dei to legane som har lagt fram den siste rapporten, Andorulla Johnstone og Christine Dent, skildrar Jimmy Savile som eit «opportunistisk rovdyr som kunne vise ein stor grad av overlegg når han planla overgrepa sine».

– BBC-kjendis forgrep seg på alt fra 5 til 75 år gamle pasienter

– Voldtok sammen med Savile

- Misbruk i stor skala

. Kate Lampard, som har gjennomført ein uavhengig rapport om aktivitetane til Savile på sjukehuset, konkluderer med at det faktum at han hadde fri tilgang til sjukehuset, saman med den sterke posisjonen han hadde som superkjendis, gjorde det mogleg for han å drive seksuelt misbruk i stor skala.

Det var ikkje berre born som vart utsette for seksuelle overgrep av superkjendisen, alderen på offera ved Mandeville-sjukehuset var frå åtte til 40. Det var alt frå tafsing til direkte valdtekt, og 90 prosent av offera var jenter eller kvinner.

Hvorfor stanset ingen overgrepene?

Ny overgrepssak ryster Storbritannia

– Blenda av kjendisstatus

Mandeville-sjukehuset i Stoke.

Mandeville-sjukehuset er eitt av 28 offentlege sjukehus i Storbritannia der Jimmy Saville jobba som frivillig eller deltok i pengeinnsamlingar.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

I rapporten får leiinga ved sjukehuset kritikk for å ha blitt så blenda av kjendisstatusen til Savile, at dei ikkje var i stand til å reagere når skuldingane mot han vart sette fram. Rapporten har likevel ikkje funne bevis for at nokon i leiinga av sjukehuset visste om det som skjedde.

Mandelville-sjukehuset i Aylesbury nordvest for London er berre eitt av sjukehusa der Savile er skulda for alvorlege overgrep. Han hadde nærmast fri tilgang til 28 offentlege sjukehus i Storbritannia, i kraft av å vere kjendis og velgjerar.

Savile-skandalen har kostet BBC 50 millioner

SISTE NYTT

Siste nytt