– Sahar prøvde å gråte, men kroppen hennar var for svak

Fotografen Amer Almohibany oppdaga ein kraftig undernært baby på eit sjukehus i ein omringa Damaskus-drabantby. Han fortel til NRK at det var tungt å ta bileta av den døyande babyen.

CORRECTION-SYRIA-CONFLICT-CHILDREN-MALNUTRITION

SVOLT: Livet stod ikkje til å berge. Ein månad gamle Sahar Dofda vart ein månad gammal, inne i ein omringa drabantby til Damaskus.

Foto: AMER ALMOHIBANY / AFP

Det var mora som kom med babyen Sahar Dofda i armane til sjukehuset.

Mor var sjølv underernært, og hadde ikkje brystmjølk til babyen sin.

– Sahar prøvde å gråte, men den kroppen hennar var for svak, fortel den 28 år gamle frilansfotografen Amer Almohibany til NRK.

Bilda hans av Sahar gjekk verda rundt måndag, og viser prisen dei svakaste må betale for borgarkrigen i Syria.

– Ho var berre ei lita jente, 34 dagar gammal, fortel Almohibany til NRK.

Amer Almohibany har arbeidd som fotograf i Aust-Ghouta, tilknytt nyheitsbyrået AFP i tre år.

CORRECTION-SYRIA-CONFLICT-CHILDREN-MALNUTRITION

MANGLAR MEDISINAR: Ein sjukepleiar ved sjukehuset i landsbyen Hamouria gjev Sahar behandling.

Foto: AMER ALMOHIBANY / AFP

Legane gjorde det dei kunne for å hjelpe Sahar. Men dei også manglar mat og medisinar, fortel fotograf Almohibany.

Han fortel det var tungt å ta bileta.

– Eg var på sjukehuset for å lage ei fotohistorie om barn som lever under den barbariske beleiringa til Assad. Eg såg Sahar og tok bildene, fortel han til NRK.

Svelt i hel under beleiringa

Ifølgje Unicef er det over 1.000 underernærte born i Aust-Ghouta-regionen. Det er ein

Amer Almohibany

FOTOGRAF: Amer Almohibany fotograferer konsekvensane av borgarkrigen i Aust-Ghouta.

Foto: Twitter

opprørskontrollert drabantby 15 kilometer utanfor Damaskus.

200 av dei er kritisk underernærte.

Hæren til Assad har strypt alle forsyningslinjer for å sakte kvele opprørsstyrkane, i fire år og ti månadar.

Situasjonen har blitt kraftig forverra dei siste fire månadane. Matmangelen er akutt, fortel Almohibany.

– Foreldra til vesle Sahar hadde ikkje råd til å kjøpe mjølk til babyen sin. På grunn av beleiringa har prisen på mjølk blitt svært høg, viss ein kan få tak i det i det heile, fortel fotograf Amer Almohibany.

Aktivistar i regionen føler seg svikta av det internasjonale samfunnet.

– Dette er eit brotsverk, tusenvis av born er i faresona, men det internasjonale samfunnet, eller FN har ikkje sett i verk tiltak. Dette kan føre til ei humanitær krise, fortel aktivisten Raed Srewel til The Guardian.

– Assad hindrar innførsel av medisinar og morsmjølkerstatning

Til saman lever om lag 3,5 millionar menneske i Syria i slike omringa område.

– Berre aust for hovudstaden Damaskus er tjue byar omringa, og Assad-regimet hindrar innførsel av medisinar og morsmjølkerstatning, fortel Almohibany.

Folk hadde håpt at situasjonen skulle betre seg i Aust-Ghouta, etter at regionen vart ein del av ein sokalla de-eskaleringssone. Ein avtale forhandla fram av Russland, Iran og Tyrkia.

Men aktivistar seier til al-Jazeera at det dagleg er samanstøyt. Dei har telt 955 rakettangrep sidan juli. 126 menneske er drepne.

Røde kors og FN slapp inn med naudhjelp i september. Dei delte ut mat, skulesaker og barnekledeklede til 25.000 menneske i dei omringa landsbyane.

Men det monnar lite. Det bur om lag 400.000 menneske i området.

Sahar Dofda vart berre ein månad gammal. Fotografen Amer Almohibany oppdaga babyen på eit sjukehus i den beleira Damaskus-drabantbyen Ghouta.

ÅTVARING, STERKE BILDE: Sahar på vekta, ho vog mindre enn 2 kilo. Huda var grå og auga tomme. Normalvekta for ei jente er 3,6 kilo ifølgje Verdas helseorganisasjon.

For den herja kroppen til Sahar vart krigen for mykje å tole. Når ein ikkje får nok mat, sviktar immunforsvaret, og før eller seinare gjev hjarte opp.

Sahar Dofda døydde på sjukehuset søndag. Ho vart litt over ein månad gammal.

– Ni timar etter eg tok desse bilda, døydde Sahar, fortel fotografen. Han har vore på jobb i dag igjen, og fortel han er frykteleg trøtt.

Foreldra tok med seg den vesle kroppen til Sahar for å gravlegge den i byen Kafr Batna.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt