Hopp til innhold

– Romfolket er lettast å ta

Romfolket er den største minoriteten i Europa, men òg den mest diskriminerte. Ein ny rapport syner at romfolkets levestandard er markant dårlegare enn andre i same område.

Romfolk ventar på utkasting i Serbia

KASTA UT: Ny rapport syner at romfolket er dei mest diskriminerte og forfylgde menneska i Europa. Her ventar ei gruppe romfolk på å verte kasta ut frå Serbia.

Foto: IVAN MILUTINOVIC / Reuters

– Diskriminering og motstand mot romfolket skjer framleis. Og resultata frå vår rapport syner at me treng effektive tiltak no. Særleg med tanke på å heve utdanningsnivået til unge romfolk, seier Morten Kjærum, direktør for EUs byrå for grunnleggande menneskerettar (FRA).

Rapporten syner mellom anna at nesten alle 90 prosent av dei som har svart i undersøkinga lever under dei nasjonale fattigdomsgrensene der dei bur. 40 av prosent av dei spurte bur i heimar der nokon har gått svoltne til sengs den siste månaden.

Og halvparten av dei spurte har i løpet av det siste året opplevd diskriminering grunna deira etniske bakgrunn.

– Lett å ta romfolket

Det er ikkje alle som er overraska av slike tal.

– Rapporten stadfestar det det var all grunn til å frykta, men som både politikarar, og diverre media og publikum, har bagatelilsert, eller ikkje ville innsjå. Nemleg at den gruppa som vert diskriminert mest i heile Europa er romfolket, seier Jahn Otto Johansen til NRK.no.

Jahn Otto Johansen

– STADFESTAR DET ME VISSTE: Jahn Otto Johansen seier rapporten syner det som har vore faktum heile tida.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Han er tidlegare utanriksredaktør i NRK, og som forfattar og skribent har han skrive fleire bøker om romfolket og den diskrimineringa dei er utsett for.

– Når samfunn vert kasta ut i stor økonomisk og sosial uro, som me ser i Sør-Europa no, så er det romfolket som fyrst vert ramma. Dei står lågast på rangstigen, og dermed vert dei òg hardast ramma, seier Jahn Otto Johansen.

I 1999 vann han òg den internasjonale sigøynerprisen Premio Hidalgo for sitt engasjement. Han meiner det ligg ein lang historie bak diskrimineringa av romfolket.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Heimlause romfolk i Frankrike

MANGE UTAN HEIM: Rapporten syner at 45 prosent bur i bustader som manglar minst éin av det følgande: kjøken, toalett, dusj eller elektrisitet.

Foto: FRANK PERRY / Afp

– Det er gjort svært mange slike undersøkingar, både frå til dømes OECD, Amnesty og den amerikanske kongressen. Så dette er eigentleg ei ajourføring av ting som fagfolk har visst, men som politikarar ikkje har brydd seg om, seier han, og held fram:

– Andre verdskrig var klart den verste perioden, då dei var den mest forfylgde gruppa etter jødane. Men i etterkrigstida og fram til no, så har ikkje situasjonen betra seg. Heile tida ser me tilbakesteg. Romfolket er så lette å ta, fortel han.

Vanskeleg situasjon i Ungarn

Rapporten frå FRA syner at forholda er ille i heile Europa, men Johansen trekker fram Ungarn som ein versting.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Høgreradikale Jobbik demonstrerer

ANTI-ROM: I Ungarn har sterke høgreradikale krefter fått stor makt. Jahn Otto Johansen åtvarar mot det mange kallar eit anti-semittisk, homofob og anti-sigøynersk parti.

Foto: Bela Szandelszky / Ap

– Det er mykje, mykje verre i Ungarn i dag enn noko anna land. Der var det tradisjonelt ikkje så ille, men no har det skjedd ei tydeleg høgredreiing i det politiske samfunnet i Ungarn, fortel han.

I Ungarn har partiet Jobbik vunne fram med eit radikalt nasjonalistisk program, og mange åtvarar mot deira diskriminerande haldningar, både mot jødar, homofile og romfolk.

– Me kan ikkje kalle regjeringspartiet Fidesz verken antisemittisk eller sigøyner-fiendtlege. Men dei er ikkje nok på vakt, og gjev for stor plass til Jobbik-medlemmer, som me veit har myrda romfolk, og som ynskjer å plassere dei nærast i konsentrasjonsleirar. Dei vil segregere romfolk heilt frå det kvite samfunnet elles, seier Johansen.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget.)

Video Romfolk i Ungarn

SJÅ URIX-INNSLAG: Etter partiet Jobbik fekk politisk makt i Ungarn har romfolkets situasjon vorte verre.

– Dei er ikkje menneske

Den tidlegare journalisten legg òg vekt på at diskrimineringa skjer frå både styresmakter og sivilsamfunnet si side.

– Sjølv om den statlege diskrimineringa skulle forsvinne, så vil likevel den sosiale halde fram. Berre sjå på Noreg, og korleis me ser på romatiggarar. Dei vert ikkje sett på som menneske. Det er påfallande korleis nokre politiske parti no vil forby tigging. Og sjølvklart kan dei ikkje forby tigging berre for romfolk; dermed må dei gå inn for å forby all tigging, seier han.

– Blant folk flest så er det masse fordommar om kven desse menneska er. Ja, dei vert ikkje eingong rekna for å vere menneske. Det er det som er så skremmande.

– Rapporten viser òg at det er få land som går fri. Noko av det mest skremmande finst i Ungarn og andre aust-europeiske land. Men det er ikkje betre i ein del vesteuropeiske land heller, seier Johansen, og han peikar særleg på Frankrike og Italia.

I Frankrike gjekk Nicolas Sarkozy hardt ut mot omreisande romfolk, og reiv mange oppsette leirar. Han sa romfolket var ein tryggleikstrussel, men har møtt mykje motstand.

«Framleis diskriminering og sosial ekskludering»

Rapportens tale er klar: ikkje noko folk møter så mykje diskriminering og vanskar som romfolket. I rapporten har FRA sett på romfolkets økonomiske situasjon i EU, undersøkinga har fokusert på utdanning, arbeids- og bustadsituasjon, helse og velferd, i tillegg til diskriminering.

– Særleg må fokuset ligge på betring av utdanningsnivået. Viss ikkje vil nok ein generasjon med unge romfolk verte ekskludert frå samfunnet, og me får ein vond sirkel av diskriminering og fattigdom, seier Michail Beis, FRAs ekspert på romfolkets utfordringar.

Han peikar på at løysinga må kome raskt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Rasismemarkering i Ungarn

MØTER RASISME: Romfolket er det mest diskriminerte folket i heile Europa. Her frå ei markering i Ungarn i år, for å minnast seks drepne romfolk. Drapa var rasistisk motiverte.

Foto: Zsolt Szigetvary / Ap

– EU har lagt fram ein plan for handling til alle medlemstatane. Kvart land har reagert på dette ved å utvikle integreringsstrategiar, som må verte sett i gong med ein gong. Det er viktig at styresmaktene inkluderer romfolket sjølv i dette arbeidet, seier han.

Segregerte skuleborn og raserte leirar

Utdanningssituasjonen til romfolk er dårleg, og ofte startar det svært tidleg. I ein rapport frå Amnesty i mars i år, melder dei om utstrekt bruk av segregering mot romborn i skulen. Sjølv om segregering og diskriminering er lovstridig i Slovakia, får ikkje romborn gå på skulen saman med andre born. Amnesty seier dette hindrar at romfolk lik behandling og lik rett til utdanning.

Jahn Otto Johansen forklarer at romborn ofte vert plassert i klassar for funksjonshemma.

– Å segregere born slik skjer ikkje berre i Slovakia. Det spesielle og aller verste er at romborna ofte vert sett i klassar med mentalt tilbakeståande born. Då skjønar ein kva utdanning dei får, seier han, og held fram:

– Romfolket er i utgangspunktet skeptiske til andre kulturar, men det er mange som tek utdanning på høgt nivå. Likevel hjelper ikkje dette når dei søker jobb.

Lang historie, rik kultur – men undertrykt

Romflagget

EIGE FLAGG: Laga i 1933, og anerkjent i 1971 av World Romani Congress som det offisielle flagget for romfolket.

Romfolket kjem opprinneleg frå det indiske subkontinentet, og utvandra for om lag 1000 år sidan. I Europa er dei truleg registrerte skriftleg så tidleg som på 1300-talet. Som i stor grad eit reisande folk har dei slite med å tilpasse seg samfunna rundt dei.

– Dei er jo eigentleg pan-europearar, som ikkje anerkjenner grenser. Dei sit heller ikkje på viktige område med olje, gass eller rike mineraler – ingen strategiske område. Så det er utenkjeleg at det internasjonale storsamfunnet vil gå inn og hjelpe romfolket på nokon måte. Tvert om, då NATO til dømes gjekk inn i Jugoslavia, vart romfolket ramma hardast, seier Johansen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Vasile Anusca jobbar som smedkunstnar

RIK KULTUR: Fleire peikar på at romfolket vert utelukkande negativt framstilt i media. Her viser smeden Vasile Anusca sine kunster.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

Johansen skildrar eit syn på romfolk som ikkje alltid er uttalt rasistisk eller fiendtleg. Men eit syn som helst ser at romfolket ikkje er i umiddelbar nærleik.

– Ute av syne, ute av sinn er gjeldande tankegang?

– Nettopp. Politikarar vil ha dei sletta ut av syne, avsluttar han.

Få offentlege støtteerklæringar

Erik Lunde (KrF)

EI STEMME BLANT FÅ: Erik Lunde frå Kristeleg Folkeparti er éi av få offentlege stemmer som tek opp diskrimineringa av romfolket.

Foto: Zero Emission Resource Organisation (ZERO)

Om ein prøver å leite fram offentlege personar som kjempar for romfolkets rettar, møter ein ofte dei same namna. Dei same menneska eller organisasjonane som har kjempa denne saka i åresvis. Det er særleg vanskeleg å finne politikarar som gjev ei stemme til romfolket. Erik Lunde, fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti i Oslo, er blant desse få.

– Eg trur nok ikkje politikarar er upåverka av dei fordommar og haldningar som finst mot romfolk, seier han.

Sjølv meiner han at politikarar har eit ansvar når det kjem til å utfordre slike myter.

– Dei er blant dei mest diskriminerte blant oss, og då har politikarane eit stort ansvar for å motvirke dette. For meg er dette eit verdispørsmål, seier politikaren.

I Europa finst det 10-15 millionar menneske av romopphav. Tala er usikre grunna registreringsfrykt – ei frykt som er tosidig. Frykta (1) frå regjeringar som ynskjer seg minst mogleg romfolk. Og frykta (2) frå romfolket sjølv. Diskriminering fører til at mange ikkje tør innrømme eller vil registrere at dei er av romopphav.

SISTE NYTT

Siste nytt