NRK Meny
Normal

– Regimestyrkane skyt mot privathus

Menneskerettsorganisasjonen Cofavic fortvilar over valdsbruken mot sivile i Venezuela. Den politiske uroa eskalerer, men får beskjeden plass i internasjonal presse.

Regjeringa i Venezuela sende fredag fallskjermstyrkar til grensebyen der studentprotestane i landet starta for to veker sidan.

Omtrent dagleg har det vore harde samanstøytar mellom regimekritiske demonstrantar og politi i San Cristobal i delstaten Tachira, om lag 70 mil sørvest for Caracas. Også i hovudstaden blir det rapportert om gatekampar.

Minst seks personar er drepne og hundre såra så langt i opptøyane, melder nyheitsbyrået Reuters.

– Skyt mot private heimar

Styresmaktene grunngjev opptrappinga av militært personell i San Cristobal med at colombianarar har kryssa grensa og planlegg paramilitære operasjonar i Venezuela.

I Caracas skal regjeringsstyrkar onsdag ha losna skot mot private bustadhus.

Den venezuelanske menneskerettsgruppa Cofavic reagerer kraftig, og samanliknar framferda til regjeringsstyrkane med den uretten som blei begått mot sivile under massakren «el Caracazo» i 1989.

– Ikkje eingong i krig er det akseptabelt at hæren skyt mot private bustadhus, seier leiaren i Cofavic, Liliana Ortega til avisa El Nacional.

Opposisjonelle blokkerer vegar i Caracas

Regimekritiske demonstrantar har tagga bodskapen 'Maduro, drapsmann' på asfalten ved ein barrikade i Caracas.

Foto: JORGE SILVA / Reuters

Mobiliserer til marsj

Nicolas Maduro tok over makta i det søramerikanske landet etter avdøde Hugo Chavez. Stemninga i landet har sidan vore amper. Dei pågåande demonstrasjonane er den største utfordringa for Maduro etter at han tok over makta.

At den etterlyste opposisjonsleiaren Leopoldo Lopez denne veka blei arrestert, var bensin på bålet og ifølgje Reuters ser San Cristobal no ut son ei krigssone med ruinhaugar og vegsperringar.

Demonstrantane meiner presidenten må gå av, på grunn av misnøye med handteringa av den økonomiske krisa og den aukande kriminaliteten i landet.

Ifølgje nettavisa Últimas Noticias mobiliserer begge partane i konflikten til store demonstrasjonar i Caracas fredag og laurdag, medan dei skuldar kvarandre for å ty til vald, vandalisering og skittent spel.

Opposisjonsleiaren Henrique Capriles seier han tek avstand frå vald og at han er villig til å gå setja seg ved forhandlingsbordet, men at regjeringa viser uvilje.

– I desse turbulente tider oppmodar me studentar og andre som demonstrerer i gatene om ikkje å gå i valdsfella, sa Capriles på ein pressekonferanse før han viste fram videoar som angiveleg dokumenterer valdsbruken til tryggingsstyrkane.

Trugar med å kasta ut CNN

President Nicolas Maduro

Presidenten i Venezuela Nicolas Maduro tala til ei folkemengd utanfor presidentpalasset i Caracas torsdag.

Foto: -- / Afp

Stridigheitene har også forverra det allereie iskalde forholdet mellom Venezuela og USA. Tidlegare denne veka utviste presidenten tre amerikanske diplomatar, skulda for samansverjingar med opposisjonen.

No trugar Maduro med å stengja ned den amerikanske fjernsynskanalen CNN i landet dersom det ikkje blir ein slutt på «krigspropagandaen».

– Nok krigspropaganda. Eg aksepterer ikkje krigspropaganda mot Venezuela. Om dei ikkje korrigerer utsegna sine, skal CNN ut av Venezuela, ut, er den klare beskjeden frå presidenten.

Laurdag er det planlagt fredeleg protestar i meir enn 65 byar rundt om i verda, inkludert Oslo, Stavanger og Bergen.

Menneskerettsorganisasjonen «Un mundo sin mordazas» («Ei verd utan knebling») er initiativtakar til den globale markeringa, SOS Venezuela. Organisasjonen oppfordrar venezuelanarar og nettverka deira til å delta.

Laster kart, vennligst vent...

Opptøyar i San Cristobal og Caracas.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt