Hopp til innhold

Britisk forsvarsminister langar ut mot Putin

Storbritannias nye forsvarsminister langar ut mot Vladimir Putin. – Stans støtta til terrorisme og kom deg ut av Ukraina, seier Michael Fallon.

Prorussisk separatist vaktar ein del av flyvraket.

Nedskytinga av eit malaysisk passasjerfly med 298 menneske om bord har ytterlegare forverra krisa mellom Russland og Vesten. Her vaktar ein prorussisk separatist delar av flyvraket.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Den ferske forsvarsministeren vart utnemnt av statsminister David Cameron under regjeringsendringa sist veke. Fallon er kjend for å vere fritalande, og i eit intervju med den britiske avisa Daily Mail går han lenger i kritikken av den russiske presidenten enn nokon annan vestleg politisk toppleiar.

Det er nedskytinga av eit malaysisk passasjerfly med 298 menneske om bord over det austlege Ukraina som har heva konfliktnivået mellom vestlege land og Russland til nye høgder.

Russisk våpensystem

Storbritannias forsvarsminister Michael Fallon.

Michael Fallon går hardt ut mot Vladimir Putin, og seier blant anna at han er medskuldig i terror.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Stadig fleire ting peikar i retning av at passasjerflyet, der fleirtalet av passasjerane var frå Nederland, vart skote ned av prorussiske opprørarar i Donetsk-området.

USAs utanriksminister John Kerry sa i dag at det er «overveldande bevis» for at det var eit russisk våpensystem som vart brukt mot passasjerflyet MH17. Tidlegare har USA slått fast at raketten vart skoten frå eit område kontrollert av opprørarane.

Kerry sa også i dag at amerikansk etterretning har sett at store mengder våpen og utstyr er frakta frå Russland til dei opprørshaldne områda i Ukraina den siste månaden. Blant anna ein konvoi på 150 bilar med pansra personellkøyretøy, stridsvogner og rakettutskytingsutstyr.

Dei fleste ekspertar er samde om at nedskyting av eit passasjerfly i ei høgd på 10.000 meter krev avanserte bakke-til-luft-rakettar, og opprørarane må ha fått våpena frå Russland. Grundig opplæring var truleg også ein del av pakken.

LES OGSÅ: Menneskene om bord på MH17

LES OGSÅ: Nederlands statsminister hardt ut mot Putin

– Vil få konsekvensar

– Vladimir Putin må forstå at han ikkje kan kome unna med støtta til separatistane. Vi må gjere det heilt klart for han at dersom han ikkje stansar støtta til dei, og den uavhengige granskinga viser at Russland har levert våpena, så vil det få konsekvensar. Putin må bli klar over korleis vestlege land vil reagere, seier Fallon i intervjuet.

Vladimir Putin

Ruslands president Vladimir Putin får hard kritikk av Storbritannias nye forsvarsminister.

Foto: MIKHAIL METZEL / Afp

Han meiner at Russland har så sterke økonomiske interesser i vestlege land, ikkje minst i Storbritannia, at ytterlegare økonomiske sanksjonar vil ramme den russiske økonomien hardt.

Den ferske forsvarsministeren meiner at Russland ikkje må få grabbe tilbake land som dei miste då jernteppet fall. Han gjer det klart at Russland må trekkje soldatane sine bort frå grenseområdet mot Ukraina, samstundes som dei stansar støtta til opprørarane.

LES OGSÅ: – Det verste jeg har sett

LES OGSÅ: OSSE forhandler fortsatt med separatistene om døde flypassasjerer

LES OGSÅ: FN vil fordømme nedskytinga i egen resolusjon

– Fundamental endring

Også statsminister David Cameron har snakka tøft om Russland. I går kveld sa han dette:

– Dersom president Putin ikkje endrar sin politikk overfor Ukraina, så må Europa og Vesten fundamentalt endre sin politikk overfor Russland. Dette handlar ikkje om å gå inn militært. Men det er på tide at vi viser at vi har makt, innverknad og ressursar.

Russland har avvist at dei har utstyrt separatistane i Aust-Ukraina med avanserte våpen, og Kreml har skulda ukrainske styresmakter for å vere ansvarlege for nedskytinga av passasjerflyet.

LES OGSÅ: Kan ha funnet «svart boks» på Malaysia-fly

SISTE NYTT

Siste nytt