Nederlands statsminister hardt ut mot Putin

– Vladimir Putin får ein siste sjanse til å vise at han meiner alvor når han seier han vil hjelpe til med å sørgje for full tilgang til krasjstaden i Ukraina, seier Nederlands statsminister Mark Rutte.

Nederlands statsminister Mark Rutte.

Nederlands statsminister Mark Rutte fortel om ein «intens» telefonsamtale med Vladimir Putin i dag.

Foto: CRIS TOALA OLIVARES / Reuters

Rutte fortel at han hadde ein «svært intens» telefonsamtale med den russiske presidenten i ettermiddag. Han gjer det klart at Putin no berre har ein sjanse igjen til å vise at han meiner alvor med å hjelpe til, seier ein amper Mark Rutte.

Han fortel at han vart sjokkert av bilete frå det opprørskontrollerte området i det austlege Ukraina, som han meiner viser at opprørarane har vist manglande respekt for dei omkomne. Dette skjedde ved at døde menneske vart slepte rundt på området og lagt igjen på ulike stader.

193 frå Nederland

– No må Putin ta ansvar, sa Rutte til journalistar i den politiske hovudstaden Haag i ettermiddag. Han viste til at Putin tidlegare har lova å samarbeide med dei internasjonale granskarane.

Angela Merkel og Vladimir Putin

Angela Merkel og Vladimir Putin er samde om ei internasjonal gransking av flykatastrofen i det austlege Ukraina.

Foto: Alexei Nikolsky / Ap

193 nederlandske statsborgarar var blant dei 298 drepne då eit fly frå Malaysia Airlines vart skote ned med ei bakke-til-luft-rakett frå eit område nær grensa til Russland der prorussiske opprørarar har kontrollen.

Rutte gjer det klart at han har støtte frå Tyskland, Storbritannia og Australia om dette.

Mark Rutte hadde i ettermiddag også ein samtale med sin britiske kollega David Cameron. Ifølgje Cameron er dei to samde om at det er nødvendig å ta forholdet til Russland opp på nytt etter nedskytinga av det malaysiske passasjerflyet.

LES OGSÅ: Liste over de omkomne etter passasjerflyet som ble skutt ned i Ukraina

LES OGSÅ: Spionsatelitt tok bilde av raketten som skjøt ned MH17

Dagsrevyens pakke om saka laurdag 19. juli 2014.

VIDEO: Dagsrevyens dekning av Krisa

– Russland-revurdering

– I lys av bevisa på at det var prorussiske separatistar som skaut ned det malaysiske flyet, er dei to statsministrane samde om at EU heretter må revurdere forholdet sitt til Russland, seier ein talsmann for Cameron.

Samstundes sa Ukrainas president Petro Porosjenko i ein samtale med sin polske kollega Bronislaw Komorowsky at opprørarane som var med på å skyte med det malaysiske flyet torsdag, ikkje vil få delta i framtidige fredsforhandlingar.

– Alle saman er russiske statsborgarar, og det er ikkje mogleg å føre ein samtale om Ukrainas framtid med dei, sa han i samtalen med den polske presidenten.

Porosjenko bad i ein telefonsamtale med FNs generalsekretær Ban Ki-moon i om at FN måtte ta med opprørarane i Donetsk og Luhansk med på lista over terrororganisasjonar.

Tidlegare i dag vart Vladimir Putin og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel samde om at det skal vere ei internasjonal gransking av flykatastrofen.

– Øydelegging av bevis

Ukrainske styresmakter meiner at det var det dei kallar «erfarne russiske mannskap» som skaut raketten mot det malaysiske passasjerflyet. Landet skulda også dei prorussiske opprørarane for å øydeleggje bevis på krasjstaden og å hindre tilgang til området.

Vladimir Putin har lovd å samarbeide med dei som skal granske kva som skjedde, men legg vekt på at ei FN-gransking ikkje skal konkludere for raskt. Russland meiner at ukrainske regjeringsstyrkar truleg stod bak nedskytinga, medan dei fleste andre mistenkjer dei prorussiske opprørarane.

USAs president Barack Obama slo i går fast at flyet vart skote ned av ein bakke-til-luft-rakett frå eit opprørskontrollert område .

LES OGSÅ: Pårørende i sorg på Schiphol

LES OGSÅ: – Han var så snill og åpenhjertig

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt