Hopp til innhold

– Prevensjon er ikkje for muslimar

Tyrkias stadig mektigare president, Recep Tayyip Erdogan, ber muslimane i landet slutte med prevensjon og produsere fleire born.

Innslag fra Urix

VIDEO: Sjå innslaget om Erdogan i Urix

Lege og samfunnsdebattant Bushra Ishaq.

Bushra Ishaq er sterkt kritisk til prevensjons-utspelet til Erdogan.

Foto: NRK

Innbyggjartalet i Tyrkia har stige med 10 millionar sidan Erdogan vart statsminister i Tyrkia i mars 2003. Men det er ikkje nok for den noverande presidenten, han vil ha endå fleire undersåttar.

– Ingen muslimske familiar bør bruke prevensjon. Ingen bør leggje seg opp i sakene til Gud, sa han til stor jubel i ein TV-sendt tale på ein konferanse i Istanbul i dag.

– Eit svik mot nasjonen

Erdogan har fleire gonger dei siste åra gått hardt ut mot bruk av prevensjon, og i 2014 sa han at det var eit svik mot den tyrkiske nasjonen å bruke prevensjon. Han sa at alle familiar bør få minst tre born, men helst både fire og fem.

Sjølv har Erdogan og kona fire born.

Kvinnegrupper og opposisjonspolitikarar reagerer sterkt på utspela til Erdogan. Han blir skulda for å prøve å redusere kvinner til fødemaskinar, og for å avvise tanken om likestilling mellom kjønna.

Den norske muslimen, legen og samfunnsdebattanten Bushra Ishaq er ei av mange kvinner som reagerer på utspelet til den tyrkiske presidenten. Ho meiner synet hans på kvinner og prevensjon er stikk i strid med det dei fleste muslimar her i landet står for.

Ho avviser at prevensjon er i strid med islamske verdiar, og meiner at familieplanlegging tradisjonelt har vore meir akseptert i islam enn i kristendommen.

Vil endre grunnlova

Recep Tayyip Erdogan har i mange år vore den sterke mannen i det islamistiske Rettferds- og utviklingspartiet AKP, som dei siste åra har vakse fram til å bli det dominerande partiet i tyrkisk politikk.

Partiet går inn for å endre den tyrkiske grunnlova, slik at presidenten skal få meir makt . I dag er presidentembetet først og fremst seremonielt, men Erdogan har tydelege ambisjonar om å skaffe seg meir makt.

Den tyrkiske grunnlova skil også skarpt mellom religion og politikk, men Erdogan og AKP arbeider for å gjere islam meir synleg i samfunnet, blant anna ved å oppmode kvinner til å bruke hijab i det offentlege rom.

Tyrkias statsminister går av etter rykter om splid

Russland hevder Tyrkia leverer bombedeler til IS

Sjå Urix-innslaget om Erdogans utspel i videoen over.

SISTE NYTT

Siste nytt