NRK Meny
Normal

– Politikarar og media er for nære

Storbritannias statsminister David Cameron møtte i dag for Leveson-kommisjonen for å vitne om News of the World-skandalen. Cameron sjølv er vorte kritisert for nære forhold til sentrale personar i Rupert Murdochs medieimperium.

David Cameron på veg til rettssalen

I EIN PRESSA SITUASJON: Storbritannias statsminister David Cameron måtte i dag møte føre Leveson-kommisjonen som skal undersøkje hans forhold til mediebransjen.

Foto: CARL COURT / Afp

Brian Leveson

LEIAR KOMMISJONEN: Dommar Brian Leveson vart oppnemnd av David Cameron til å leie undersøkinga angåande etikk i media, og forholdet mellom politikarar og pressa.

Foto: SIMON KREITEM / Reuters

– Ein vil at folk skal forstå våre motivasjonar, vår karakter, vår dømmekraft, våre syn, og kvifor ein har desse syna, seier den britiske statsministeren David Cameron, og held fram:

– Dermed vert forholdet til media svært viktig.

Cameron er vorten innkalla til Leveson-kommisjonen, som er oppretta for å sjå på pressetikken i Storbritannia etter News of the World-skandalen.

Det vakte stor merksemd i heile verda då det vart kjend at den britiske avisa News of the World, eigd av mediemogul Rupert Murdoch, nytta avlytting av telefonar for å finne saker. Særleg vart avisa fordømt då det vart funne ut at dei avlytta telefonsvararen til den drepne skulejenta, Milly Dowler. Det enda med at avisa til slutt måtte leggjast ned, og Cameron sjølv sette opp Leveson-kommisjonen.

Cameron involvert i skandalen

No er han altså meldt inn som vitne, og vert torsdag grilla i fleire timar om sitt forhold til viktige mediepersonlegheiter i Rupert Murdochs medieimperium News Corporation.

(Artikkelen held fram under biletet.)

David Cameron vitnar i retten

MØTER I RETTEN: David Cameron er éin av mange politikarar som møter i retten om forholdet mellom politikarar og media. Tidlegare statsministrar Gordon Brown og John Major har òg vitna.

Foto: Ap

Cameron har møtt sterk kritikk, særleg i samband med hans nære venskap til Rebekah Brooks, tidlegare redaktør i News of the World og sjef i News International, og hans tilsetjing av Andy Coulson, tidlegare redaktør i News of the World, som kommunikasjonsrådgjevar.

– Eg fekk garantiar frå Coulson, og difor tilsette eg han. Han gjorde jobben sin godt, og me hadde ingen grunn til å tvile på hans garantiar, sa Cameron i retten, og heldt fram:

– Men eg vil ikkje prøve å springe frå ansvaret for å tilsetje han.

Coulson måtte gå av som statsministerens kommunikasjonsrådgjevar etter at det vart kjend at han har gjeve falske vitneforklaringar i samband med telefonavlyttingssaka.

Han kommenterer òg forholdet mellom media og politikarar i Storbritannia, og seier at han trur forholdet er vorte dårlegare. Skulda legg han på det nye nyheitsbiletet, som han skaper ein mediekamp døgnet rundt.

– Eg trur mange politikarar tenkjer at media alltid framstiller dei feil. Eg trur òg at media veldig ofte går ut frå at politikarane er med i politikken for eiga vinning. Den kombinasjonen av tankegangar skaper eit dårleg forhold.

Cameron i retten heile torsdagen

Fyrste del av vitnesbyrdet tok føre seg ein stor del av Camerons forhold til media gjennom hans karriere. Han kommenterer til dommaren

– Polikarar må prioritere kva mediekampar dei skal ta. Om dei skal hengje seg på mediesirkuset 24 timar i døgnet, vil dei aldri få gjennomslag for faktisk politikk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt