Hopp til innhold

– Politietterforsking av alle som hylla nyttårsterroren

Tyrkiske styresmakter seier at alle som hylla terrorangrepet mot ein nattklubb i Istanbul natt til i går, vil bli etterforska av politiet, melder nyheitsbyrået Anadolu.

Terrorangrep i Istanbul.

Overvakingskamera fanga opp terroristen då han massakrerte 39 menneske og såra fleire titals andre på ein nattklubb i Istanbul nyårsnatta.

Foto: Stringer / AFP

Minst 39 menneske vart drepne då ein mann væpna med automatvåpen skaut vilt rundt seg inne på den fasjonable nattklubben Reina på breidda av Bosporos-sundet, midt i den tyrkiske storbyen. Fleire titals menneske vart såra i angrepet.

Etter angrepet var det mange som gjekk ut med støtte til terroristen på sosiale medium som Twitter og Facebook. Dette fordi dei meinte at det som gjekk føre seg på nattklubben var i strid med islam.

– Kristen tradisjon

Mistenkt for Istanbul-terror.

Dette kan vere mannen som gjennomførte terrorangrepet i Istanbul, meiner politiet.

Foto: Handout / Reuters

Mange har gitt uttrykk for at nyttårsfeiring er ein kristen tradisjon som ikkje høyrer heime i Tyrkia, og også desse skal etterforskast. Politiet skal også etterforske ein rektor ved ein skule i byen som la ned forbod mot nyttårsfeiring av same årsak.

Alt i går kveld varsla statsminister Binali Yilidrim på Twitter at det blir sett i verk etterforsking av alle som hyllar terrorisme. Også foreininga for tyrkiske bar-eigarar har kravd etterforsking og rettsforfølging av alle som har hylla terrorangrepet.

Terrororganisasjonen IS tok i dag på seg skulda for angrepet i Istanbul natt til første nyttårsdag. Åtte personar er arresterte i samband med angrepet, men politiet reknar med at gjerningsmannen framleis er på frifot.

Tryggingskjelder avslører at tyrkiske styresmakter har mistanke om at terroristen kjem frå eit land i Sentral-Asia, moglegvis Kirgisistan eller Usbekistan. Politiet offentleggjorde i ettermiddag nye bilete av det dei meiner kan vere terroristen .

Terrorangrep i Istanbul.

Folk har lagt ned store mengder blomar på åstaden for terroraksjonen natt til første nyttårsdag.

Foto: Yasin Akgul / AFP
Utestedet Reina

Den eksklusive nattklubben Reina like ved Bosporos vart ramma av eit terrorangrep natt til første nyttårsdag.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

38 er identifiserte

Tidlegare i dag melde nyheitsbyrået Anadolu at 38 av dei 39 som vart drepne i angrepet no er identifiserte. 12 av dei var tyrkiske statsborgarar, sju var frå Saudi-Arabia, tre frå Libanon, tre frå Irak, medan to var frå Tunisia, India, Marokko og Jordan. Så var det ein person frå Kuwait, Canada, Israel, Syria og Russland.

Tyrkiske bombefly og har i dag gjennomført angrep mot rundt 100 IS-mål i det nordlege Syria, og at 22 IS-krigarar er drepne i angrepa, melder Anadolu med den tyrkiske overkommandoen som kjelde. Desse opplysningane er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Den tyrkiske regjeringa har sagt at angrepa mot IS i Syria vil halde fram heilt til organisasjonen ikkje lenger er ein trussel mot Tyrkia.

Jakta på gjeringsmannen held fram for fullt , men trass i at han vart fanga opp av overvakingskamera, er han framleis på frifot. Ein mann som tidleg vart peike ut som den skuldige, viste seg ikkje å ha noko med terrorangrepet å gjere.

Dette vet vi om terrorangrepet i Tyrkia

Skifta klede etter skytinga

Terroristen kom til Reina med drosje, har vitne fortalt. Her tok han fram eit våpen, truleg ein Kalasjnikov, og skaut ein politimann og ein sivil på fortauet. Inne på nattklubben fyrte han av fleire magasin, rundt 180 skot, mot menneskemengda.

Folk som var inne på klubben fortel at han bevisst skaut mot område der flest menneske var samla, og at han skaut på nytt mot dei han såg berre var såra. Det var rundt 700 menneske inne i nattklubben då angrepet skjedde.

Etter skytinga skal gjerningsmannen ha skifta klede, og han greidde å forlate området midt i kaoset som oppstod etter angrepet.

VIDEO: Skaut vilt rundt seg.

SISTE NYTT

Siste nytt