NRK Meny
Normal

– Pistorius gret og bad til Gud

– Då eg kom inn i huset låg det ei livlaus kvinne på golvet. Oscar Pistorius knelte ved sidan av henne, medan han bad til Gud og prøvde å hjelpe kvinna, sa naboen Johan Stipp i retten i dag.

Oscar Pistorius i retten.

Oscar Pistorius var tydeleg prega av det dramatiske vitnemålet i retten i dag.

Foto: POOL / Reuters

Stipp fortel at den gråtande Pistorius prøvde å reinske luftvegane til kvinna, men at ho truleg alt var død då han kom inn. Naboen Stipp er sjølv lege og radiolog, og på det tidspunktet visste han ikkje kven Pistorius var.

Under vitnemålet til Stipp sat Oscar Pistorius framoverbøygd og med hovudet i hendene, tydeleg prega av det naboen fortalde,

Innbrotstjuv

Oscar Pistorius og Reeva Steenkamp

Oscar Pistorius er tiltalt for drapet på kjærasten Reeva Steenkamp.

Foto: Lucky Nxumalo / Ap

I dag var fjerde dag av rettssaka mot Oscar Pistorius i Pretoria i Sør-Afrika. Den verdskjende friidrettsutøvaren, også kjend som Blade Runner, er tiltalt for å ha skote og drepe kjærasten Reeva Steenkamp.

Den sørafrikanske påtalemakta meiner han gjorde etter ein krangel, men Pistorius sjølv seier at han trudde han skaut mot ein innbrotstjuv.

Naboen Johan Stipp sa i vitnemålet sitt i dag at Pistorius hulka fram at han hadde skote Steenkamp, fordi han trudde ho var ein innbrotstjuv. Reeva Steenkamp var på badet i husværet då ho vart skoten gjennom veggen eller døra.

Ho låg på golvet i første etasje, ved sidan av trappa, då Stipp kom inn.

– Gret heile tida

Han fortalde i retten at Steenkamp hadde eit sår på venstre hofte, eitt på høgre overarm og eit stort sår på høgre sida av ansiktet.

– Oscar Pistorius gret heile tida. Han bad til Gud om at ho måtte overleve, og at han ville vie livet sitt til Gud om ho fekk behalde livet, sa Stipp i vitnemålet sitt. Også han sa at han hadde høyrt ei kvinne skrike før skota fall i husværet, slik som to andre naboar som vitna har sagt.

– Eg trur eg høyrde eit kvinneskrik, og eg prøvde å finne ut kvar det kom frå, sa han i starten av vitnemålet.

Då han kom seg inn i huset, gjorde han det han kunne for å hjelpe henne.

– Eg prøvde å hjelpe henne ved å opne luftvegane hennar, men ho pusta ikkje og ho hadde ikkje puls, sa Stipp blant anna i vitnemålet sitt.

LES OGSÅ: Pistorius-rettssaken: Vitne kryssforhørt av forsvarer

LES OGSÅ: Nekter for å ha drept modellkjæresten

– Bar henne ned trappa

Stipp var det første vitnet som kunne fortelje detaljert om det som hende natt til 14. april 2013, etter at dei fatale skota fall.

I det første rettslege avhøyret i fjor sa Pistorius at han, då han oppdaga at han hadde skote Steenkamp, tok han på seg fotprotesane sine og prøvde å sparke inn døra. Dette måtte han gi opp, til slutt henta han ei cricketkølle og slo inn døra med denne.

Han forklarte at ho var i live då han kom inn på badet, og at han bar henne ned trappa til første etasje i husværet og la henne på golvet der.

LES OGSÅ: Oscar Pistorius løslates

LES OGSÅ: – Høyrde høglytt krangling like før drapet

LES OGSÅ: Aktor sier Pistorius skjøt kjæresten gjennom en låst baderomsdør

LES OGSÅ: Pistorius: - Vi var dypt forelsket

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt