NRK Meny
Normal

– Pastoren har skulda for Charleston-skytinga fordi kyrkja var våpenfri sone

Eit styremedlem i USAs største lobbyrørsle for våpen gir den drepne pastoren skulda for Charleston-skytinga. Pastoren hadde nemleg gjort kyrkja til ei våpenfri sone.

Clementa Pinckney

Clementa Pinckney var pastor i Emanuel AME Church i Charleston, og vart drepen då ein ung mann skaut ni kyrkjelydsmedlem på onsdag. Chris Cotton (innfelt), som er medlem av den amerikanske våpenlobbyorganisasjonen NRA, meiner Pinckney sjølv har skuld i at drapa skjedde, sidan kyrkja var våpenfri sone.

Foto: Grace Beahm / Ap

– Åtte av hans kyrkjelydsmedlem som kunne vore i live om han ettertrykkeleg hadde gitt medlemmene lov å bere handvåpen i kyrkja, er døde, skriv Charles Cotton på eit nettforum der Charleston-skytinga vert debattert.

Charles Cotton

Skjermdump av Charles Cotton sitt innlegg på det amerikanske nettforumet.

Foto: Skjermdump

Sentrale i amerikansk våpendebatt

Cotton er styremedlem i National Rifle Association (NRA), ei mektig amerikansk lobbyrørsle som jobbar mot ein innstramming av dei amerikanske våpenlovane.

USA-SHOOTING/SOUTHCAROLINA A woman plays "Amazing Grace" on bagpipes outside the Emanuel African Methodist Episcopal Church in Charleston, South Carolina

Mange har besøkt kyrkja der skytinga skjedde for å vise sin omtanke til offera.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters

Organisasjonen er sentral i våpendebatten i USA og forsvarer retten til å eige og bere våpen, slik som den amerikanske grunnlova opnar for.

Skyteepisodar, slik som den i Charleston denne veka, er ikkje sjeldan i USA. Og NRA sine hovudargument for å hindre at slike tragediar skjer, er at det er naudsynt med fleire våpen slik at ein kan verne seg mot slike angrep.

Pastoren stemte mot våpenlov

Pastoren som får skulda for drapa av Cotton er sjølv ein av dei drepne. Han var politikar for Demokratane, og representerte partiet i senatet i Sør-Carolina.

APTOPIX Charleston Shooting Clementa Pinckney

Clementa Pinckney var delstatspolitikar for Demokratane. No er han og åtte andre drepne.

Foto: Grace Beahm / Ap

I løpet av si tid i senatet skal pastor Clementa Pinckney ha stemt mot eit lovforslag om at det skal vere lov å bere våpen i det offentlege rom. Også dette vert påpeika av Cotton i meldinga på forumet.

I går tok USAs president Barack Obama nok eit oppgjer med amerikansk våpenpolitikk.

– Eg har snakka etter slike skytetragediar altfor mange gonger, og det gjer meg trist og sint, sa presidenten.

Prøvde å endre lova i 2013

Han meiner det er altfor enkelt å få tak i våpen i USA, og bad om at det amerikanske samfunnet tek eit oppgjer med kulturen.

– La det vere heilt klart, på eitt tidspunkt må vi som folk ta inn over oss at slike massedrap ikkje skjer i andre utvikla land, sa Obama i går.

Mannen som skaut dei ni offera onsdag kveld, Dylann Roof, er ein av dei som skal ha hatt enket tilgang på våpen, etter at han fekk våpen i gåve frå sin far i april. Det påstår Roofs onkel, som har snakka med nyheitsbyrået Reuters.

USA-SHOOTING/SOUTH CAROLINA Police lead suspected shooter Dylann Roof into the courthouse in Shelby, North Carolina

21 år gamle Dylann Roof er arrestert og sikta for dei ni drapa onsdag kveld. Han skal ha delteke på bønnemøte i ein time før han reiste seg opp og starta å skyte rundt seg.

Foto: JASON MICZEK / Reuters

Obama har tidlegare prøvd å gjennomføre innstrammingar av dei amerikanske våpenlovane, utan hell. I april 2013 stemte senatet ned eit forslag om at det skal bli strengare krav til kven som kan kjøpe våpen, samt eit forbod mot halvautomatiske våpen.

Men NRA, Det republikanske partiet og andre sterke krefter har klart å stå mot forsøka på å endre våpenlova som vil halde fram med å vere eit omstridd tema i USA.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt