Hopp til innhold

– Overgrep i Syria må inn for Haag-domstolen

Utanriksminister Espen Barth Eide meiner folk som står bak overgrep i Syria, frå begge sider, må bringast inn for Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Espen Barth Eide

MÅ REKNE MED STRAFF: Utanriksminister Espen Barth Eide meiner begge partar i Syria-konflikten må rekne med å svare for seg i Haag.

Foto: EDUARDO MUNOZ / Reuters

– Overgrepa blir gjort av begge partar, og bakmennene må rekne med å bli tiltalt i den internasjonale FN-domstolen i Haag når konflikten etter kvart kjem til ei avklaring, fastslår utanriksministeren.'

Ifølgje ferske rapportar er over 26 000 menneske hittil blitt drepne i konflikten, og det blir meldt om grove overgrep mot sivilbefolkninga, tortur og brot på menneskerettane.

I tillegg hindrar borgarkrigen innhaustinga av korn og andre livsviktige matvarer, som gjer at Syria står overfor ei alvorleg matvarekrise.

Blir ikkje einige

Tryggingsrådet i FN klarte tidlegare i år ikkje å kome til noko einigheit om vidare handling eller reaksjonar mot regimet i Syria.

– Vi må bli veldig tydelege overfor partane i konflikten, som no utfører heilt uakseptable overgrep, seier Barth Eide.

– Mellom anna ser vi åtak på sjukehus og liknande institusjonar, som er heilt uakseptabelt.

Tortur er blitt rutine

Den tidlegare FN og Den arabiske liga sin spesialutsending til Syria, Lakhdar Brahimi, seier at tortur av fangar har blitt rutine, og at folk er redde for å oppsøkje sjukehus som er under regjeringshæren sin kontroll.

Denne veka går det føre seg eit toppmøte i FN, der toppleiarar frå heile verda samlar seg i FN sitt hovudkvarter i New York.

Tysdag startar generaldebatten i FNs hovudforsamling, og det er venta at Syria kjem til å vere eit svært heitt tema, sjølv om det ikkje er det einaste som skal diskuterast.

– Den djupe og svært alvorlege konflikten i Syria ligg som eit tungt bakteppe for toppmøtet, det dukkar opp i alle samanhengar, seier Barth Eide.