Hopp til innhold

– Over 70 drepne i angrep mot sufi-heilagdom i Pakistan

Terrororganisasjonen IS har teke på seg skulda for eit bombeangrep i ein Sufi-heilagdom i det sørlege Pakistan i dag. Minst 72 menneske er drepne, ifølgje Geo-TV.

Sjølvmordsaksjon mot sufi-heilagdom i Pakistan. Minst 72 drepne og 250 såra.

VIDEO: Over 70 drepne i sufi-heilagdom.

Det er ein lokal politisjef som har oppgitt talet på døde til 72. Angrepet skjedde i ein heilagdom frå 1300-talet i byen Sehwan i Sindh-provinsen, 200 kilometer nordaust for provinshovudstaden Karachi.

Sufi-heilagdom i Sehwan.

Arkivbilete av Sufi-heilagdomen som vart ramma av eit sjølvmordsangrep torsdag.

Foto: Yousuf Nagori / AFP

Så mange som 250 skal vere såra. Det skal vere minst 20 born blant dei drepne.

Menneske i bønn

Ei politikjelde seier at ein sjølvmordsbombar kom inn i heilagdomen Lal Shahbaz Qalandar, som var fullstappa av menneske som deltok i bønn. Mannen tok plass blant dei bedande og sprengde seg i lufta, blir det opplyst.

Lal Shabdaz Qalandar er ein viktig sufi-helgen. Sufismen er ei grein av islam som legg vekt på mystikk og dyrking av helgenar.

Det er ikkje sjukehus i Sehwan, så dei såra må fraktast til nabobyane. Hæren har sett inn fleire helikopter og eit transportfly for å evakuere såra. Det er frykt for at dødstalet

Såra i bombeangrep i Pakistan.

Dei såra får behandling ved mange ulike sjukehus.

Foto: Str / AFP

etter angrepet kan stige ytterlegare, sidan tilstanden er kritisk for fleire av dei såra. Dei hardast såra blir sende til provinshovudstaden Karachi.

IS: – Vi stod bak

Ein talsmann for ei IS-gruppering som opererer i grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan, seier dei stod bak angrepet. IS ser på sufismen som vranglære.

Heilagdomen som vart ramma av angrepet i dag vart bygd i 1356, til minne om poeten, filosofen og Sufi-helgenen Lal Shahbaz Qalandar. Han skal eigentleg ha kome frå ein stad i Persia, men budde i Sindh-provinsen i ein periode på 1300-talet.

Han var ein sterk forkjempar for fred og toleranse, og minnet om han står sterkt både blant sufiane og andre.

Det har vore fleire andre sjølvmordsaksjonar i Pakistan denne veka, blant anna mot ein gatemarknad i Lahore, der minst 13 menneske miste livet. Det har også vore fleire angrep retta mot soldatar.

Bombeangrep i Pakistan.

Ein såra mann får hjelp etter bombeangrepet i ein sufi-heilagdom i Sehwan i Pakistan.

Foto: Str / AFP
Pakistan Sehwan

SISTE NYTT

Siste nytt