Hopp til innhold

– Over 500 kidnappa av Boko Haram

YOLA, NIGERIA (NRK): Det er unge kvinner og born som skal ha blitt kidnappa av Boko Haram i byen Damasak ved grensa mellom Niger og Nigeria. I byen ligg det også mange rotne lik.

NIGERIA-VIOLENCE/ A girl stands in front of soldiers from Niger and Chad in the recently retaken town of Damasak

Ei jente står framfor ei stridsvogn som har kome seg til byen Damasak, som lenge har vore erobra av Boko Haram. Denne jenta kom seg unna, men over 500 andre skal ha blitt kidnappa seier vitne til Reuters.

Foto: EMMANUEL BRAUN / Reuters

NIGERIA-VIOLENCE A Nigerien soldier covers his face while taking a picture of a mass grave in the recently retaken town of Damasak

Ein soldat held seg framfor nasen når han går rundt i Damasak. I helga vart byen frigjort, men rundt om i byen ligg det mange lik, fleire av dei særs illeluktande.

Foto: EMMANUEL BRAUN / Reuters
NIGERIA-BOKO HARAM/ A flag belonging to Boko Haram flies from a atop a mosque in the recently retaken town of Damasak

Eit islamistisk flagg vaier i Damasak som denne helga vart gjenerobra av styrker frå Tsjad og Niger.

Foto: STRINGER / Reuters

Meir enn 506 unge kvinner og barn skal ha blitt kidnappa heilt nord i Nigeria. Det melder Reuters som har snakka med menneske som bur i byen.

– Tok med seg gislane då dei flykta

Boko Haram vart i helga jaga ut av Damasak av styrker frå Tsjad og Niger, og det er folk som no er frigitte som har sagt til Reuters at minst 500 menneske er kidnappa.

Terrorgruppa skal ha tatt med seg gislane då dei flykta frå byen.

– Dei tok med seg 506 unge kvinner og barn. Dei drap femti av dei før dei reiste, fortel den lokale handelsmannen Souleymane Ali.

– Me veit ikkje om dei har drepe dei andre etter at dei reiste vidare, men dei tok dei med seg, legg han til.

Bilete som er komne ut frå byen viser mange rotne lik, og det er tydeleg at øydeleggingane har vore store.

(Saka held fram under videoen)

Den ytterliggående islamistiske terrorgruppen Boko Haram skal ha kidnappet flere enn 500 kvinner og barn fra den nigerianske byen Damasak.

NRKs Afrikakorrespondent, Christine Præsttun, rapporterer frå Yola i Aust-Nigeria.

Snart val i Nigeria

Det er langt frå første gong at Boko Haram kidnappar kvinner. Den aller mest kjente hendinga er då terrorgruppa kidnappa godt over 200 skulejenter frå byen Chibok. No skal det vere snakk om nesten dobbelt så mange gissel som er tekne.

NIGERIA-VOTE

Til helga er det val i Nigeria, og president Goodluck Jonathan (på plakaten) har det siste året mista mykje støtte.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

Til helga er det val i Nigeria, eit land der det har vore mykje uro dei siste åra. Terrorgruppa Boko Haram har laga mykje uro i form av drap, terrorangrep og kidnappingar.

I førre veke sa president Goodluck Jonathan at han trudde terrorgruppa ville vere nedkjempa innan ein månad, og at dei vart svakare for kvar dag som går.

President Jonathan har mista stadig meir terreng på meiningsmålingane til motstandar Muhammadu Buhari. Då presidentvalet vart utsett tidlegare i år var det mange som meinte at Jonathan gjorde dette for å kjøpe tid til å skaffe seg meir støtte.

Damasak

SISTE NYTT

Siste nytt