NRK Meny
Normal

Navalnyj sett fri - nesten 1600 arresterte etter demonstrasjonar i Russland

Moskva (NRK): Nesten 1600 personar, mange av dei svært unge, vart arresterte i demonstrasjonar mot Vladimir Putin laurdag. Opposisjonspolitkaren Aleksej Navalnyj vart seint laurdag kveld satt fri, men må møte for retten 11. mai.

Bilde fra Facebook

Mange av dei arresterte i Russland laurdag var svært unge

– Vi kan ikkje halde fram med å leve i eit slikt mellomalder-styre, sa ein av demonstrantane på Pusjkinplassen i sentrum av Moskva. Han presenterte seg som Andrej, men ville ikkje gi opp etternamnet.

Andrej - Navalnyj-tilhenger

Andrej var ein av dei som hadde møtt opp for å demonstrere på Pusjkinplassen i Moskva i dag

Foto: Morten Jentoft

– Sjølvsagt er eg redd for å bli arrestert, men eg trur styresmaktene er redde for å få for hardt fram på grunn av fotball-VM i juni, sa han til NRK.

–Det vil ikkje sjå bra ut om politiet står fram som brutalt.

Demonstrantane ropte: 1-2-3, Putin må gå. Eit anna slagord var: Putin er ikkje vår tsar.

Det gjekk så nokre minutt før politiet storma til og arresterte nokre av demonstrantane og presse de andre vekk frå sjølve statuen.

Opprørspoliti i Moskva

Tusenvis av opprørspoliti har i dag vore samla i gatene rundt Pusjkinplassen i Moskva

Foto: Morten Jentoft

Opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj, som ikkje vart godkjent som kandidat ved presidentvalet i mars år, hadde oppmoda sine tilhengare til markeringar over heile Russland.

Han har vorte arrestert under fleire demonstrasjonar tidlegare.

Denne gongen rakk han ein kort appell til sine tilhengare, før han vart boren bort av politiet.

Korrespondent Morten Jentoft dekker demonstrasjonene i Moskva.

Navalnyj vart natt til søndag sett fri, og skriv på twitter at dette vart gjort for ikkje å skape unødig støy rundt sjølve innsetingssermonien måndag.

Protest mot innsetjinga av Putin på måndag

Navalnyj har oppmoda russarane om å trappe opp demonstrasjonane i samband med at Vladimir Putin måndag skal innsetjast for ein ny seksårsperiode som president, den fjerde for hans del.

Demonstrasjonen i Moskva var ikkje godkjent av styresmaktene i byen. Navalnyj hadde fått løyve til å demonstrere ein annan plass litt i utkanten av sentrum, men dette kunne han ikkje godta.

Arrestasjonar i Moskva.

Minst 350 demonstrantar er arresterte i sentrum av Moskva i ettermiddag.

Foto: Morten Jentoft / NRK

Menneskerettsgruppa OVD seier at det har var demonstrasjonar mot Putin i 19 ulike byar i Russland laurdag. Navalanyj har bygd opp ein organisasjn over heile Russland, og i går vart meir enn 160 personar arrestert i industribyen Tsjeljabinsk i Ural.

Dei siste tala frå OVD syner at 1597 personar vart arresterte, mange av dei var heilt ned i 12 - 14 års alderen.

Bilde fra Facebook

Navalnyj har fått kritikk for at han oppmodar svært unge til å ta del i demonstrasjonane.

Eks-medarbeider angriper russisk opposisjonsleder

Eit spel mellom demonstrantar og politi

Då NRK var til stades på Pusjkinplassen, gjekk det føre seg eit slags spel mellom demonstrantane og politiet, der politiet i periodar jaga dei vekk, før dei litt etter litt fekk kome tilbake til Pusjkinstatuen, der dei starta med å rope slagord mot at Putin held fram som president.

Mann arrestert i Moskva.

Ein demonstrant blir boren bort av politiet i Moskva i ettermiddag.

Foto: Pavel Golovkin / AP

– Eg prøvar ikkje å provosere politiet sa Andrej til NRK, som meinte det er utruleg viktig at mange i Russland no meiner det er nok med 18 år med Putin.

Det er uklart kor mange som demonstrerte mot Putin i Moskva laurdag, men det var truleg ikkje snakk om meir enn ein hard kjerne på eit par tusen.

Demonstranter under Pusjkinstatuen i Moskva

Demonstrantar roper slagord mot Putin på Pusjkinplassen i Moskva

Foto: Morten Jentoft

Det meste gjekk fredeleg føre seg, men politiet gjekk bestemt til verks når dei vel ut enkeltdemonstrater som skal arresterast. Også ein politimann skal ha vore lettere skadd i samband med demonstrasjonane i St. Petersburg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt