Hopp til innhold

– Opprørssoldatar drepne av NATO

Ni opprørssoldatar og fire sivile skal ha vorte drepne i eit internasjonalt flyangrep i utkanten av Brega i natt, seier kjelder hos opprørarane.

Opprørssoldat ved ein utbrend bil utanfor Brega.

Ein opprørssoldat ved ein utbrend bil utanfor Brega laurdag.

Foto: MAHMUD HAMS / Afp

Opprørssoldatar i den austlege utkanten av Brega seier at fly frå den internasjonale koalisjonen gjekk til angrep på dei i går kveld, og at minst ti av soldatane vart drepne.

Libysk opprørssoldat utanfor Brega.

Libysk opprørssoldat klar til kamp utanfor Brega i går.

Foto: FINBARR O'REILLY / Reuters

Det tyske nyheitsbyrået DPA seier at talet på drepne er 13.

Dette er første gong det kjem meldingar om at fly frå den NATO-leidde styrken har gått til angrep på opprørarar. Om dette er tilfelle, kan det vere snakk om feilbombing.

Opprørssoldaten Mustafa Ali Omar seier at soldatar frå Gaddafi-styrkane hadde snike seg inn blant opprørarane og skote med luftvernvåpen. Deretter kom NATO-flya og bomba dei, seier han til Reuters.

(Saken fortsetter under videoen)

Video Ni opprørssoldatar skal ha vorte drepne i eit internasjonalt flyangrep

KLIKK FOR Å SE VIDEO: Minnemarkering utafor Brega. Dette er første gong det kjem meldingar om at fly frå den NATO-leidde styrken har gått til angrep på opprørarar.

– Gjeninntok Brega

Opprørarane i Libya hevdar å igjen ha teke kontrollen over den viktige oljebyen Brega. Ein opprørssoldat utanfor byen seier at dei no har kontroll over byen, men at byen enno ikkje er sikker. Det er magne snikskyttarar, spesielt inne på universitetsområdet, seier han.

Libysk opprørsoldat utanfor Brega.

Opprørssoldat ventar utanfor oljebyen Brega.

Foto: MAHMUD HAMS / Afp

Det var i natt harde kampar langs grenselina mellom området opprørarane kontrollererer og den delen av Libya der Muammar Gaddafi og hans støttespelarar framleis har kontroll.

Ein korrespondent frå det franske nyheitsbyrået AFP fortel at han har sett sju døde soldatar frå Gaddafi sine styrkar og 10 utbrende lastebilar på vegen mellom Ajbadiya og Brega.

Han fortel at det laurdag føremiddag er roleg i utkanten av Brega, men at fly frå den internasjonale koalisjonen flyg over området.

Gaddafij-styrkane angreip i natt byen Misrata med tungt artillerI.

Skiftande kontroll

Brega ligg 800 kilometer frå Tripoli. Byen har vore åstad for harde kampar den siste tida, og byen har vekselvis vore på opprørarane og på regjeringsstyrkane sine hender.

Opprørarane vart kasta ut av Brega sist torsdag, og dei trekte seg tilbake til Abadjiya 80 kilometer mot vest, for å omgruppere seg. Det er vanskeleg å få uavhengig informasjon om kven som kontrollerer byen no.

I går gjekk opprørsleiaren Mustafa Abdul Jalil, som oppheld seg i Benghazi, ut og sa at dei ville inngå våpenkvile, men berre på visse vikår. Eitt av vilkåra var at dei regjeringstru styrkane måtte trekkje seg ut av byane vest i Libya, og at det skulle bli full ytringsfridom.

(Saken fortsetter under videoen)

Video Libyske opprørsstyrker flyttet våpen mot myndighetsstyrker ved Brega

KLIKK FOR Å SE VIDEO: Libyske opprørsstyrker flyttet våpen mot myndighetsstyrker ved Brega fredag.

Avviser våpenkvile

Seint fredag kveld kom svaret frå den libyske regjeringa. Kravet om tilbaketrekking vart blankt avvist av talsmann Mussa Ibrahm.

– Vi vil aldri forlate byane våre. Det er vi som er regjeringa, ikkje dei, sa Ibrahim blant anna. Men han la til at regjeringa er open er å forhandle, og at målet for dei er å få til fred.

FNs spesieltutsending til Libya, Abdul Ilah Khatib, seier at han møtte tenestemenn frå regjeringa i hovudstaden Tripoli i går for å diskutere sjansane for ei våpenkvile, for å avvikle blokaden av byane i vest og å få fram naudhjelp.

SISTE NYTT

Siste nytt