Hopp til innhold

– Opposisjonen har mista all frykt

Opprøret i Syria kjem ikkje til å ta slutt utan at ei politisk løysing kjem på plass, sa ein utsending frå Kofi Annan til Tryggingsrådet i FN. Opposisjonen i Syria har gitt regimet til Bashar al Assad 48 timar til å respektere fredsplanen.

Syria

Det gamle syriske flagget som «Fri Syria»-rørsla brukar blir brukt i ein gravferd i Ramez al-Sharif i Irbin, Syria den 29. mai 2012.

Foto: Afp

Jean-Marie Guehenno

Toppdiplomaten Jean-Marie Guehenno, orienterte onsdag Tryggingsrådet i FN om situasjonen i Syria.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

– Opposisjonen har mista all frykt. Det er usannsynleg at det blir slutt på opprøret utan ei politisk løysing, sa Jean-Marie Guehenno, utsending frå Kofi Annan, på eit lukka møte i Tryggingsrådet i FN onsdag.

Det fortel FN-diplomatar som var til stades på det lukka møtet, melder Reuters.

– Opprøret i Syria liknar ei «revolusjonær rørsle». Forhandlingar mellom den syriske regjeringa og opposisjonen er for augneblinken umogleg, skal Guehenno ha sagt til Tryggingsrådet.

Guehenno skal også ha tvilt på viljen til den syriske regjeringa til å gjennomføre fredsplanen til Kofi Anna.

Kofi Annan er spesialutsending frå FN og Den arabiske liga og meklar mellom den syriske regjeringa og opposisjonen. Til no har han ikkje lukkast.

Ultimatum

– Leiarskapen av Den frie syriske hær kunngjer at regimet får 48 timar på seg til å iverksette resolusjonane frå Tryggingsrådet, seier oberst Qassim Saadeddine i ein video på YouTube onsdag kveld.

– Den endar fredag klokka tolv. Etter det er me frie frå forpliktingar og kjem til å forsvare og beskytte sivile, deira heimar og landsbyar, seier han.

Tidlegare onsdag kom det meldingar om at opposisjonen i Syria trur regimet til al Assad vaklar og nærmar seg sitt fall.

– Berre vald kjem til å virke på den syriske regjeringa og Bashar al Assad. Om dei hadde intensjonar om å følgje fredsplanen til Kofi Annan, så hadde dei gjort det allereie, sa Saadeddine, til AFP.

– Massakrane regimet utfører og bruken av vald er bevis på at regimet nærmar seg slutten, sa han.

Førre veke vart minst 108 sivile syrarar, dei fleste av dei kvinner og born, funne drepne i Houla i Homs.

Tysdag kveld vart det funne 13 bakbundne lik utanfor Deir Ezzor aust i landet.

Diskuterer vegen vidare

Tryggingsrådet er splitta i synet på kva som må bli gjort i Syria.

Russland og Kina fordømmer valdsbruken i Syria, men er ikkje med på å innføre nye sanksjonar mot regimet til Bashar al Assad. Dei vil heller ikkje ta til orde for eit regimeskifte i Syria.

Tryggingsrådet ser seg om etter alternativ, men førebels er fredsplanen til Annan og observatørane med generalmajor Robert Mood i spissen det einaste verkemiddelet dei har.

– Det er ingen plan B, men i korridorane i FN blir det diskutert alt frå å utvide observatørstyrken til militæraksjon, sjølv om det ikkje er populært å snakke høgt om, seier Anders Tvegård, NRK sin korrespondent i New York.

– Tryggingsrådet er ikkje sterkare enn det medlemslanda vil ha det til, og førebels står FN relativt svakt, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt