Hopp til innhold

– Om Iran går til angrep betyr det slutten for landet

USAs president Donald Trump seier at dersom Iran går til angrep på amerikanske interesser, så vil det bety slutten for Iran som nasjon.

Donald Trump

USAs president Donald Trump kom søndag kveld med ei kraftig åtvaring til Iran.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Det var på Twitter at den amerikanske presidenten kom med denne breisida mot Iran. – Våg aldri å true USA igjen, åtvarar han.

Trump kjem truleg med denne åtvaringa som svar på at leiarar i den iranske revolusjonsgarden har sagt at Iran har kapasitet til å slå til mot amerikanske mål over heile Midtausten. Også den iranske forsvarsministeren har kome med truslar mot USA.

Laster Twitter-innhold

Hangarskip og bombefly

Ordkrigen har auka på den siste tida. USA har sendt eit hangarskip og fleire bombefly til området som svar på det han kallar truslar frå Iran. Begge partar har likevel sagt at dei ikkje ynskjer ein krig, men situasjonen i og rundt Persiabukta er meir spent enn på lenge.

Sist veke gjekk Houthi-militsen i Jemen til angrep på saudiarabiske oljeleidningar i Aramco, slik at utskipinga av olje vart hindra i fleire dagar. Houthi-militsen blir støtta av Iran, og ein representant for den jemenittiske militsen sa i kveld at dei kjem til å halde fram med angrepa mot mål i Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata (UAE).

Han sa at angrepet på Aramco berre var starten på ein offensiv der 300 viktige militære mål i Saudi-Arabia og emirata står på lista. Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata er begge aktive i kampen mot Houthi-militsen i Jemen.

Både Saudi-Arabia og UAE er nære allierte av USA. USA har åtvara Iran også mot angrep mot sine allierte i området.

Sabotasje mot oljetankarar

Andrea Victory utsett for sabotasje.

Den norskeigde oljetankaren «Andrea Victory» var eit av fire tankskip som vart utsett for sabotasje i Persiabukta sist veke.

Foto: Handout / AFP

Sist veke var det utført sabotasje mot tre oljetankarar utanfor kysten av Fujairah i UAE. Det var to saudiarabiske skip pluss ein norskeigd tankar. Norske styresmakter deltek i granskinga av sabotasjen, saman med Frankrike, Saudi-Arabia og Emirata.

Granskarane har førebels ikkje konkludert, men nyheitsbyrået Reuters melde fredag at Den Norske Krigsforsikring for Skib, Gjensidig Forening (DK) har konkludert med at den iranske revolusjonsgarden mest sannsynleg stod bak sabotasjen.

Det kan ha vore brukt undervassdronar i sabotasjeaksjonane.

Eit anna teikn på auka spenning er at amerikanske luftfartsstyresmakter har åtvara amerikanske flyselskap som flyg over Persiabukta, om å vere forsiktig på grunn av auka politisk spenning og militær aktivitet.

Det blir vist til faren for misforståingar og feilidentifisering av fly.

Krigsfaren øker i Midtøsten

Iran og USA: 67 år med hat og mistenksomhet

President Donald Trump sier han vil bruke alle midler for å hindre at iranerne utvikler atomvåpen og har gjeninnført sanksjoner som ble opphevet under president Obama. Forholdet mellom de to landene har i generasjoner vært preget av hat og mistenksomhet.

SISTE NYTT

Siste nytt