Hopp til innhold

– Om ein til to dagar er IS kasta ut av hovudstaden sin Raqqa

IS har snart mista hovudstaden sin Raqqa, og alle syriske IS-krigarar skal ha forlatt byen. Aktivistar meiner dei er frakta ut med buss etter å ha gjort ein avtale med koalisjonen.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA-RAQQA

VOLDSOMT SKYTS: Amerikanske bombefly angriper stillingene til IS i Raqqa.

Foto: ERIK DE CASTRO / Reuters

– Kampen held fram i Raqqa. Daesh (IS) er på randa av nederlag. I dag eller i morgon har vi frigjort byen, sa den kurdiske YPG-gerilja talsmann Nouri Mahmoud.

Kurdiske YPG utgjer størstedelen av kampgruppa i Syrias demokratiske styrkar (SDF), dei har luftstøtte frå amerikanske kampfly i ein koalisjon.

SDF byrja offensiven mot IS-styrkane i Raqqa i juni.

Det syriske observatoriet for menneskerettar hevdar via nyheitsbyrået AFP, at alle syriske IS-krigarar har reist ut av Raqqa, og at ein også førebur ei liknande ordning for dei utanlandske krigarane.

Laster Twitter-innhold

– IS har gjort avtale med koalisjonen

I ein e-post til Reuters, seier koalisjonstalsmann Ryan Dillon at 100 IS-krigarar hadde overgitt seg dei siste 24 timane, og hadde blitt fjerna frå byen.

Men aktivistgruppa Raqqa is silently slaughtered, og det syriske observatoriet for menneskerettar (SOHR), hevdar fleire IS-krigarar har blitt frakta ut i buss, etter å ha gjort ein avtale med den USA-leia koalisjonen og SDF.

Men i ein e-post til nyheitsbyrået AFP, avviser koalisjonen dette.

– Forventar harde kampar

Tidlegare har det blitt meldt at lokale IS-krigarar i stor grad har gått i dekning blant lokalbefolkninga, medan dei utanlandske krigarane, som ikkje like lett kan skjule seg, har bestemt seg for å kjempe til siste mann.

Det blir no meldt om at koalisjonen reknar kampen om Raqqa som avgjort, og at dei rettar innsatsen sin mot å gje restane av IS nådestøyten Eufrat-dalen sør i Syria mot grensa til Irak.

SISTE NYTT

Siste nytt