– Obama sint på Clinton-utsegner

USA-president Barack Obama skal ha blitt rasande då forsøket på å presse presidenten i Egypt til å gå av, vart undergrave av utanriksminister Hillary Clinton.

Barack Obama og Hillary Clinton

Utanriksminister Hillary Clinton og president Barack Obama på eit møte 1. februar.

Foto: TIM SLOAN / Afp

Medan Obama kravde reformar i Egypt «med ein gong», sa Clinton at ein overgang til demokrati «vil ta tid». Det skal ikkje Obama ha vore fornøgd med.

Og då talsmann Frank Wisner uttalte seg positivt om Mubarak, kokte det over for presidenten, skriv The Times.

Hadde strategien klar

Obama lovde at USA skulle støtte kampen for demokrati då han talte til den muslimske verda i 2009 , og det løftet hadde han ifølgje den britiske avisa intensjonar om å halde.

Allereie 2. februar sa Obama at Mubarak burde ordne eit ryddig maktskifte i Egypt.

Clinton på sikkerheitsmøte

Utanriksminister Hillary Clinton på sikkerheitsmøte i Muchen 5. februar.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Frank Wisner

Veterandiplomaten Frank Wisner vart sendt til Egypt for å snakke med president Hosni Mubarak.

Foto: Bela Szandelszky / Ap
Berre tre dagar seinare var Clinton på ein sikkerheitskonferanse i München, der ho åtvara mot overgangen til demokrati, og sa at «denne vegen kunne bli kaotisk og føre til ustabilitet.»

Veterandiplomaten Frank Wisner sa samtidig at Mubarak måtte bli sitjande for å styre endringane . Han kalte også Mubarak for «ein gammal venn» av USA.

– Obama sint på Clinton

Etter at desse utsegnene fall, måtte amerikanske tenestemenn presisere at Wisner snakka som privatperson, og ikkje på vegner av Obama-administrasjonen.

Ifølgje ein tilsett ved Det kvite hus, skal Obama ha reagert med sinne då han fekk vite kva Clinton hadde sagt i Tyskland.

Presidenten gav senator John Kerry ordre om å moderere uttalelsane i eit tv-intervju dagen etter, og visepresident Joe Biden fekk klar beskjed om å vere streng med sin egyptiske kollega Omar Suleiman.

Talsmann for Det kvite hus, Robert Gibbs, fekk beskjed om å gjere det klart at Obama «meinte det han sa då han sa at endringane måtte skje straks».

Då Clinton reiste heim frå München sa ho at «det er opp til det egyptiske folk å bestemme når Mubarak må gå av».

Ropte i telefonen

Ifølgje rådgjevarane i Det kvite hus, var Obama nokså samlande utad, men han skal ha vore langt meir høgrøysta når han kommuniserte i private telefonsamtalar.

Obama skal ha frykta at USA kom i utakt med kravet frå det egyptiske folket. Han sjølv skal ha gitt klar beskjed om at han ikkje meinte Mubarak hadde gått langt nok.

Berre ein time etter at Mubarak kunngjorde at han ikkje kom til å stille til val i Egypt til hausten , vart han oppringt av Obama.

– Det er på tide at folk i Egypt blir presentert for si nye regjering, skal Obama ha sagt.

Hosni Mubarak og Barack Obama

Hosni Mubarak og Barack Obama møtte kvarandre i Washington 1. september.

Foto: JASON ARNOLD / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt