NRK Meny
Normal

– Nyfascistar planla juleterror i Italia

Italiensk politi seier dei har arrestert 14 medlemer av ei nyfascistisk gruppe etter å ha avslørt planar om terroraksjonar mot offentlege institusjonar i løpet av jula.

Video fra italienske Carabinieri ROS.

VIDEO: Sjå videoen frå Carabinieri ROS.

I tillegg til dei 14 arresterte er også 44 andre mistenkte under etterforsking, melder det franske nyheitsbyrået AFP.

Det italienske nyheitsbyrået ANSA melder at dei arresterte høyrer til ei nyfascistisk gruppe som er sterkt inspirerte av den no forbodne gruppa «Ordine Nuovo», på norsk «Ny Orden».

Telefonavlytting

Mario Parente er etterforskingsleiar i Carabinieri ROS.

Mario Parente, leiar for spesialavdelinga Carabinieri ROS, har leidd etterforskinga av den nyfascistiske grupperinga.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Politiet har drive omfattande telefonavlytting av fleire medlemer av gruppa, og det som har kome fram gjorde at dei fann det naudsynt å slå til mot dei no. Avlyttinga skal ha avslørt planar om angrep mot offentlege institusjonar som domstolar, politiet og skattekontor.

Leiaren for etterforskinga, Mario Parente, seier at ein politimann hadde infiltrert gruppa dei siste to åra. Han fortel at medlemene av gruppa også hadde diskutert angrep mot den italienske jernbanen. Etterforskinga, som har kodenamnet «Svart Ørn», har halde på sidan tidleg i 2013.

Statsadvokat Fausto Cardella seier at politiet gjekk til aksjon fordi gruppa var i stand i til å setje planane sine ut i livet.

– Vi kunne ikkje risikere å vente. Planane var klare, og vi kunne ikkje risikere at vi først etterpå kunne slå fast kor konkrete planane var, seier Cardella ifølgje Reuters.

Tidlegare politimann

Politiet trur at gruppa blir leidd av ein tidlegare politimann, Stefano Manni, ein kjend høgreradikal aktivist. Han er blant dei arresterte

Avisa La Repubblica melder at gruppa hadde planlagt å drepe ei gruppe på 10–11 politifolk på ein gong.

I politidokumenta for saka heiter det at målet til gruppa var å destabilisere det italienske samfunnet og det politiske systemet. Målet var å danne eit nytt politisk parti i kjølvatnet av terroraksjonane, med håp om å få stor oppslutning ved komande val.

Nyfascistisk gruppe avslørt i Italia.

Ein politimann viser fram litt av våpenbeslaget etter arrestasjonane av 14 medlemer av ei nyfascistisk gruppe.

Foto: Ap

Stort våpenbeslag

Politiet tok beslag i eit stort tal våpen under arrestasjonane i dag, som skjedde fleire stader i Italia. Organisasjonen skal også ha hatt planar om korleis dei skulle skaffe seg endå fleire våpen, blant anna ved innbrot hos ein våpensamlar.

Arrestasjonane i dag kjem kort tid etter den såkalla «Mafia Capitale»-skandalen, der politiet har avslørt ei mafialiknande gruppe som via omfattande korrupsjon har skaffa seg store inntekter frå det offentlege ved blant anna å drive flyktningmottak .

LES OGSÅ: Sjokk og sinne etter mafia-avsløringar

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt