NRK Meny
Normal

– Ny polsk medielov trugar demokratiet

Uroa over retninga Polens nye regjering går i nådde nye høgder torsdag då landets president signerte ei ny lov, som langt på veg gir regjeringa full kontroll over statleg radio og TV.

FILES-POLAND-POLITICS-MEDIA

Nasjonalkonservative Andrzej Duda vart Polens president i august, etter å ha vunne presidentvalet i mai.

Foto: ALAIN JOCARD / Afp

Dette er den siste i ei rekke av reformer sett i gang av den nasjonalkonservative regjeringa som fekk makta etter haustens val, og har vakt uro i EU, som dei siste dagane har åtvara mot lovendringa.

Allereie same månad som Lov- og rettferdspartiet (Pis) tok over regjeringslokala vart ein programleiar frå den statlege tv-stasjonen TVP suspendert etter eit kritisk intervju med den nye kulturministeren:

Polsk programleiar suspendert etter intervju med kulturministeren.

Sjå klipp frå intervjuet som fekk programleiar Karolina Lewicka suspendert.

Sjå kveldens Urix om Polens nye kontroversielle lover

EU-kommisjonen vurderer straffetiltak

Lova vil tre i kraft i løpet av dei næraste dagane, og gjeld fram til 30. juni, då målet er å ha ei ny lov på plass, skriv nyhendebyrået Ap.

POLAND-POLITICS-MEDIA-EU

Den polske kringkastinga. Heretter vil det vere den polske finansministeren som skal bestemme kven som skal styre dette huset.

Foto: JANEK SKARZYNSKI / Afp

Heretter vert ansvaret for å utnemne og seie oppe sjefar i kringkastinga flytta frå ein separat komité til finansministeren.

Ifølge president Andrzej Duda påverkar journalistar sine private synspunkt det som bør vere objektive og truverdige medium, og det er difor han ser behovet for lovendringa, trass i varsla frå EU. Partiet hans er svært skeptiske til EU, og hevdar at kringkastinga tener den førre liberale og EU-vennlege regjeringa.

Kommisjonens president Jean-Claude Juncker har uttala at han ikkje vil spekulere i konsekvensane på noverande tidspunkt. EU-kommisjonen skal debattere Polens nye lov 13. januar, og sjå på eventuelle straffetiltak. Utanriksministeren i Nederland, som dette halvåret har presidentskapen i EU, understreka kor viktig det er å ha ein dialog med Polen.

Poland Politics

Demonstrantar med EU-flagg i hendene i Warsaw rett før jul. Tusenvis av polakkar deltok i protestane mot den nye regjeringa si innblanding i grunnlovsdomstolen.

Foto: Alik Keplicz / Ap

Ei rekke andre institusjonar, frå Europarådet til OSSE, har uttrykt uro, og det same har dei store internasjonale presseorganisasjonane. I Polen har det den siste tida vore ei rekke demonstrasjonar mot regjeringa, og den statlege radioen har spelt EU-hymnen ein gong i timen for å markere motstand mot den nye lova.

Samanlikna med Ungarn

Fleire samanliknar politikken til regjeringa med den populistiske og nasjonalistiske politikken til Viktor Orbán i Ungarn, også han ein kontroversiell person som har måtte tole mykje kritikk frå EU.

Orban var i går på besøk hos Jaroslaw Kaczyński, leiaren av det polske regjeringspartiet. I tillegg til felles EU-skepsis har dei to sentraleuropeiske landa også eit samanfallande syn på flyktningkrisa, og har stilt seg kraftig imot EUs forslag om å fordele kvotar til dei ulike landa i Europa.

CZECH-EUROPE-VISEGRAD-V4-MIGRANTS

Landa i Visegrad-gruppa står saman mot EU i spørsmålet om flyktningkvotar.

Foto: MICHAL CIZEK / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt