Hopp til innhold

– Noreg sitt nærvær er bra for oss

Noreg sitt nærvær i Aserbajdsjan har ein positiv innverknad på menneskeretts-situasjonen i landet, meiner den nyleg lauslatne regimekritikaren Eynulla Fatullayev.

Kronprins Haakon

Kronprins Haakon er leiar for ein norsk delegasjon som får kritikk for å delta på ei stor olje- og gassmesse i Aserbajdsjan måndag.

Foto: SCANPIX

I morgon reiser Kronprinsen Haakon på ein omstridd «goodwill- tur» til Aserbajdsjan, eitt av verdas mest korrupte diktatur regime.

Noreg har, gjennom Statoil, tunge oljeinteresser i landet, og kronprinsen reiser som leiar for Noreg sin delegasjon til ei stor olje- og gassmesse.

Besøket fell ikkje i god jord hjå menneskerettsorganisasjonane i Noreg.

– Det kan bli oppfatta som ei uverdig anerkjenning av det regimet president Ilham Alijev representerer, skriv Helsingforskomiteen, Human Rights House Foundation og Raftostiftinga.

Høyr debatten i Søndagsavisa, p2: Kritikk av norsk delegasjon til Aserbajdsjan(05.06.2011).

– Vil takka Noreg

Eynulla Fatullayev

Den aserbajdsjanske regimekritikaren Eynulla Fatullayev slapp fri frå fengsel den 28.mai etter massivt press frå blant anna Noreg. Han meiner det er positivt at Noreg har oljeinteresser i landet.

Foto: Borgen Productions AS

I tillegg til å helsa på den kontroversielle presidenten, skal kronprinsen også møta den mest etterfulgde journalisten og redaktøren i landet, Eynulla Fatullayev.

Fatullayev blei nyleg sett fri frå fengsel etter massivt press frå Vesten. Då hadde han sona fire år av ein dom på 15 års fengsel for å ha kritisert regimet.


Fatullayev meiner det er positivt at Noreg er til stades i Aserbajdsjan, og gler seg til å treffa den norske kronprinsen.

– Eg vil gjera kronprinsen merksam på stoda med menneskerettane her i landet. Eg vil samstundes takka Noreg for å ha støtta og forsvart ytringsfridomen her i landet gjennom mange vanskelege år, seier den aserbajdsjanske journalisten til NRK.

(Saka held fram under biletet)

Presidenten i Aserbajdsjan Ilham Aliyev

Menneskerettssituasjonen i Aserbajdsjan har ikkje betra seg etter at president Ilham Aliyev tok over etter far sin i 2003.

Foto: Vugar Amrullayev / Ap

– Statoil bør bli verande

Fatullayev fryktar at situasjonen i Aserbajdsjan vil verta betrakteleg verre dersom utanlandske oljegigantar, som norske Statoil, trekkjer seg ut.

– Statoil bør bli verande i Aserbajdsjan. Nærværet av vestleg kapital bidreg til å halda eit visst nivå når det gjeld menneskerettar, seier han.

Det internasjonale oppropet for frigjeringa av Fatullayev har styrka fokuset på menneskerettssituasjonen i Aserbajdsjan den siste tida, men ytringsfridomen har lenge vore innskrenka i den vesle republikken.

Den aserbajdsjanske journalisten og menneskerettsforkjemparen Khadija Ismayilova oppmodar Noreg til å innføra sanksjonar mot Aserbajsdjan. Ho trur likevel at Kronprinsen vil bli godt motteken når han i morgon gjestar landet.

– Det aserbajdsjanske folket er gjestfrie og vil ta imot utanlandske gjestar på ein varm måte uavhengig av status. Men det er venta at han vil snakka om dei moralske verdiane ein har i Europa med presidenten, seier Ismayilova.

– Både olje og kritikk

Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Espen Barth Eide

Statssekretær i UD, Espen Barth Eide lovar å ta opp menneskerettssituasjonen med regimet når han reiser til Aserbajdsjan.

Foto: JOHN COGILL / AP

Statssekretæren i Utanriksdepartementet, Espen Barth-Eide lovar at den norske delegasjonen vil ta opp det brennbare temaet.

– Me kjem til å ta opp heilt konkrete saker som me har diskutert på førehand. Men det at kronprinsen møter regimekritikaren Fatullayev er i seg sjølv eit tydeleg signal til styresmaktene om korleis me ser på den saka.

– Ja, eg meiner det. Det faktum at me er ein stor olje- og gassnasjon, gjev oss ei rolle og felles interesser med styresmaktene i landet. Det opnar eit rom for dialog mellom Aserbajdsjan og Noreg, seier Barth Eide.

– Det er ikkje motsetnadsfylt å engasjera seg i både energipolitikk og menneskerettar – tvert imot, legg statssekretæren til.

Er det mogleg å fremja kritikkk av brot på menneskerettar med styrke når hovudærendet er å sikra norsk kapital og norske investeringar?

SISTE NYTT

Siste nytt