I dag går USA til FN for å krevje tilgjenge for naudhjelp til Venezuela

USA ber FNs tryggingsråd krevje tilgjenge for naudhjelp til Venezuela. President Maduro seier nei og meiner hjelpa er del av eit kuppforsøk.

På grensa mellom Colombia og VENEZUELA

Sperringar på grensa mellom Venezuela og Colombia.

Foto: LUISA GONZALEZ / Reuters

Store mengder mat og medisinar står fast på grensa mellom Colombia og Venezuela. Trass i mangel på mat og medisinar nektar president Nicolás Maduro å sleppe hjelpekonvoiane over grensa.

«Fake aid»

Presidenten stemplar naudhjelpa som «fake aid» og hevdar naudhjelpskonvoiane er del av eit kuppforsøk mot hans regime. Til avisa EWN hevdar Nicolás Maduro at den humanitære krisa er fabrikkert av Washington for å rettferdiggjere ein intervensjon i landet.

I dag legg USA fram forslag i FN og ber om at tryggingsrådet legg press på Venezuela for å sleppe gjennom naudhjelpa på grensa.

Martha Skretteberg i Venezuela.

Martha Skretteberg i Venezuela.

Foto: Caritas

Generalsekretæren i Caritas Martha Skretteberg har denne veka reist rundt på den fattige landsbygda i Venezuela.

– Folk manglar mat og livsviktige medisinar. Situasjonen er svært sårbar, og kan ende i blodig konflikt, seier ho til NRK.

– Problemet med naudhjelpa på grensa er at mange oppfattar den som politisk, seier Skretteberg.

Maduro har mista støtte

Landet er svært polarisert. Dette gjeld også på landsbygda. Den sterke støtta som Chavez og Maduro hadde blant fattige har minka betrakteleg. Men eg såg også at president Maduro framleis har støtte, seier Skretteberg til NRK.

COLOMBIA-VENEZUELA-CRISIS-SHORTAGE
Foto: RAUL ARBOLEDA / AFP

Martha Skretteberg meiner Noreg har ei rolle å spele i dramaet som no pågår i Venezuela. Ho viser til erfaringane frå hennar andre heimland Colombia og Norges rolle i fredsforhandlingane der.

– Mange ønskjer Noreg

– Mange i Venezuela ønsker Noreg i ei aktiv meklarrolle, seier Skretteberg,

Fleire fagforeiningar, politiske parti og frivillige organisasjonar i Venezuela har gått saman om ein plattform for det sivile samfunn, ifølge Skretteberg. Ho seier mange av desse ønsker Noreg i ei aktiv meklarrolle mellom Maduros regime og opposisjonsleiar Juan Guaido.

– Noreg blir oppfatta som nøytralt og upartisk i den situasjonen som er, seier Skretteberg.

COMBO-VENEZUELA-CRISIS-GUAIDO-MADURO

Opposisjonsleiar Juan Guaido og president Nicolás Maduro.

Foto: FEDERICO PARRA / AFP

I dag er ein delegasjon frå opposisjonen på veg til Europa. Delegasjonen skal mellom anna møte representantar for den italienske regjeringa.

Mens fleire europeiske land har vald å aktivt støtte opposisjonen i Venezuela, er Italia og Noreg er blant landa som har halde igjen. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sa i førre veke til NRK at ho støttar kravet om nyval i landet, og at Noreg er villige til å bidra til samtalar mellom partane.

Har det som krevs

– Noreg kan spele ei rolle som tilretteleggar for samtalar mellom partane, meiner Skretteberg som viser til erfaringane frå fredsprosessen i nabolandet Colombia.

– Vi har truverd i regionen. Kunnskap, erfaring og eit nettverk er det som krevs i slike situasjonar, seier Skretteberg.

– Det har Noreg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt