– Noko skurrar på Facebooksida til Donald Trump

Donald Trump har fleire følgjarar på Facebook enn nokon av dei andre kandidatane som vil bli Republikanarane sin presidentkandidat. Men, dei fleste kjem frå land som Colombia, Fillippinane, India og Sør-Afrika, medan berre halvparten av følgjarane er amerikanarar.

Donald Trump holder tommelen opp mens han står ved talerstolen

Vocativ.com sår tvil om at Donald Trump si mengde «tommel opp» på Facebook er ekte.

Foto: KENA BETANCUR / Afp
Katrine Nybø
Journalist

Eigedomsmilliardær og reality-stjerne Donald Trump har annonsert at han tek opp kampen om å verte USA sin neste president i 2016. Sjølv om sjansane hans nok ikkje er så store, så er det få som slår Trump sin suksess på sosiale medium.

Men, noko stemmer ikkje heilt med Trump sine online-fans, skriv nettstaden Vocativ.com.

Nettstaden har kika nærare på følgjarane, og det viser seg at berre 42 prosent av Trump sine 1 694 561 følgjarar på Facebook er amerikanarar, medan dei fleste kjem frå land som Fillippinane, Malaysia, India, Sør-Afrika, Indonesia og Colombia.

På andreplass på lista over ikkje-amerikanske likes, finn vi Mexico. Noko som kan få enkelte til å heve bryna, med tanke på at Trump under pressekonferansen nyleg hevda at landet berre sende kriminelle og valdtektsmenn over grensa, og lova å byggje ein mur for å skilje USA og Mexico. Noko som vart motteke med jubel blant det som ser ut til å vere innleigde tilhengarar.

Like-statistikken til Donald Trump

Ein skjermdump frå Vocativ.com som viser kvar dei ikkje-amerikanske Facebook-følgjarane til Trump kjem frå.

Foto: Skjermdump / Vocativ.com

– Likevel ikkje overraskande

Det er likevel ikkje fullstendig overraskande at Trump har følgjarar i slike land, med tanke på at han er ein internasjonal forretningskjendis, skriv nettstaden.

Han arrangerer Miss Universe-kåringar og har eigedommar verda over. Likevel, i land som Tyrkia, Korea, Irland og Dubai, der Trump har fleire eigedommar, har han veldig få følgjarar.

Donald Trumps Facebooklikes over tid

Skjermdump av Vocativ.com sin analyse over Trumps likes på Facebook.

Foto: Skjermdump / Vocativ.com

Det Trump har, ifølgje Vocativ.com, er store fan-basar i land som er kjent for å ha mykje Facebook-svindel, sokalla «klikk-farmar». Dei tilbyr firma eller enkeltindivid å kjøpe Facebook-likes.

Nettstaden spekulerer i om det store talet på Trump-tilhengjarar er ekte eller ei.

Medan kvar 27. Trump-følgjar er frå Fillippinane, har andre presidentkandidatar som Marco Rubio og Ted Cruz høvesvis kvar 519. følgjar og 573. følgjar frå land som ligg i Sør-Aust Asia.

Hyra forskar for å sjå nærare på likes

Vocativ.com spurte forskar Michael Fire, som studerer falske profilar i sosiale medium, om å undersøkje Donald Trump sin Facebookaktivitet over to år. Det resulterte i grafen i skjermdumpen over.

Fire konkluderte med at ein stor del av følgjarane kan vere falske.

– Dersom du ser på Google-trenden i same periode, så ser du ingen plutseleg interesse for Donald Trump. Så auken i talet på likes på Facebook ser merkeleg ut, seier Fire.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt