Hopp til innhold

Støre: No må Tryggingsrådet ta ansvar for dei sivile i Syria

Jonas Gahr Støre retta i dag ei sterk oppmoding til dei faste medlemene av Tryggingsrådet i FN om å ta ansvar for å leggje ytterlegare press på partane i uroa i Syria.

Video Byen Homs fortsatt under angrep i Syria

VIDEO: Uroa i opprørsbastionen Homs held fram, trass i at FN-observatørar vitja byen i dag.

– Det verkar ikkje som om våpenkvileavtalen blir gjennomført i særleg grad. Talet på flyktningar aukar, og det er ein dramatisk humanitær situasjonen på bakken, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre til NRK.

Jonas Gahr Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre meiner det no er viktig at Tryggingsrådet tek ansvar for situasjonen i Syria.

Foto: NRK

Han har i dag delteke på utanriksministermøtet til NATO i Brussel, og sjølv om ikkje Syria var eit formelt tema på møtet, så var det uformelle samtalar om krisa i landet.

Tok opp Syria med Lavrov

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov var med på møtet i Brussel, og Støre var ein av fleire delegatar som tok opp problema i Syria med Lavrov.

– Oppmodinga var ikkje berre til Lavrov, men til alle medlemene i Tryggingsrådet. No må dei ta ansvar for å følgje opp vedtaka som er gjorde. Verkar ikkje desse tiltaka, så må dei vedta strammaren tiltak. Det er Tryggingsrådet som har det øvste ansvaret, og då særlege dei faste medlemslanda, seier Støre.

Sergei Lavrov

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov meiner at alt må setjast inn på at Kofi Annans fredsplan for Syria skal lukkast.

Foto: SEBASTIEN PIRLET / Reuters

Sergej Lavrov sa på si side etter møtet at alt no må setjast inn på at Kofi Annans fredsplan for Syria skal setjast ut i livet.

– Eg har i dag bede kollegaene mine i NATO om å kutte ut retorikken av sjølvoppfyllande profetiar om at planen til Kofi Annan vil feile. Alle må gjere alt dei kan for at denne planen skal verke, sa den russiske utanriksministeren på ein pressekonferanse etter møtet i Brussel.

Kritisk til humanitære korridorar

Jonas Gahr Støre er også sterkt kritisk til eit forslag frå Frankrikes president Nicolas Sarkozy om å opprette humanitære korridorar i Syra. Han meiner dette vil bety ein dramatisk opptrapping av situasjonen med utanlandsk militær intervensjon, og han tvilar på at dette vil gi meir tryggleik til dei sivile.

Sarkozy skulda i dag regimet til Bashar al-Assad for å ville fjerne fjerne opprørsbastionen Homs frå kartet. Opprørarane der seier at angrepa mot byen har halde fram med full styrkje i dag.

Samstundes held valden på bakken i Syria fram. I dag blir det meldt om fire drepne. Ein sivil vart drepen av regjeringsstyrkar i den nordaustlege oljebyen Deir Ezzor, medan tre andre døydde av skotskadar i byen Jabrud nord for hovudstaden Damaskus.

Avtale underskriven i Damaskus 19. april.

General Abhijit Guha skreiv under avtalen i Damaskus på vegner av FN.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Ei syrisk menneskerettsgruppe med base i Storbritannia, Syrian Observatory for Human Rights, seier at 124 sivile er drepne i Syria sidan avtalen om våpenkvile vart underteikna av partane torsdag for ei veke sidan.

Likevel godkjende i dag den syriske regjeringa ein plan om å sende uvæpna observatørar inn i landet.

LES OGSÅ: FN-sjefen vil trappe opp overvåking av våpenhvilen i Syria

LES OGSÅ: Syria vil godta 250 observatører

– Kan endre dynamikken på bakken

Jean. Marie Guehenno, spesialutsending Kofi Annans nærmaste medarbeidar, sa til medlemene i Tryggingsrådet i ettermiddag norsk tid at det er svært viktig å sende uvæpna militære observatørar inn i Syria.

Ifølgje ein diplomat Reuters har snakka med sa han Guehenno blant anna at det å utplassere uvæpna militære observatørar har eit potensial i seg til å endre den politiske dynamikken på bakken.

Jean-Marie Guehenno

Jean Marie Guehenno er Kofi Annans næraste medarbeidar når det gjeld Syria.

Foto: Lionel Healing / Scanpix/AFP

FNs generalsekretær Ban Ki-moon ber om at det blir laga planar for å sende ein førebels styrke på 300 observatørar til Syria i tre månader for å overvake våpenkvila.

LES OGSÅ: Ber Syrias førstedame om hjelp

Ventar uro etter fredagsbøna

Syriske styresmakter og opprørsgruppene legg skulda på kvarandre for brota på våpenkvila. Og i morgon er det fredag igjen, og det er varsla nye demonstrasjonar mot regimet etter fredagsbøna. Det er stor frykt for nye valdshandlingar i samband med demonstrasjonane.

SISTE NYTT

Siste nytt