Minst 19 menneske vart drepne i ein bombeeksplosjon i sentrum av Bangkok i ettermiddag norsk tid. Lokale medium opplyser
, medan over 100 er såra. Ingen har teke på seg skulda for angrepet.Kristine Misvær Stenbeck var ikkje sjølv vitne til det som skjedde, men fekk greie på det då ho sjekka nettet etter å ha kom heim frå jobben i den frivillige organisasjonen Mercy
Kristine Misvær Stenbeck jobbar som hjelpearbeidar i Bangkok. Ho fortel om ei ubehageleg stemning i byen etter bombeangrepet.
Foto: PrivatCenter. Dei jobbar blant dei fattigaste i slummen i storbyen. Ho bur rundt 15 minutt frå sentrum med bil, men høyrde ikkje eksplosjonen, som skjedde ved 19-tida lokal tid (14 norsk tid).
Stengde skular
Ho fortel at dei no ventar spent på om styresmaktene vil innføre unntakstilstand, men at det alt er klart at alle skulane i Bangkok skal halde stengt tysdag.
– Eg har budd i denne byen i fleire år, og det er første gong er kjenner meg uroleg. Det har aldri tidlegare vore bombeangrep mot eit turistområde, og bomba var taktisk plassert. Dette er den staden i Bangkok der det er flest menneske samla på denne tida av døgnet, seier Kristine Stenbeck til NRK.
Ho fortel at alle er i villreie om kven som kan stå bak det blodige bombeangrepet, om det kan ha noko med striden som har ført til store demonstrasjonar og uro i den thailandske hovudstaden dei siste åra.
VIDEO: Her smell det i Bangkok.
Militærdiktatur
– Styresmaktene seier at dette er gjort av menneske som vil skade turismen og den sitjande regjeringa. Problemet er at Thailand er eit militærdiktatur. Folk stolar ikkje på styresmaktene, og spesielt ikkje på militæret, seier den norske hjelpearbeidaren.
Det har også vore spekulert i om at bombeangrepet kan ha noko med det muslimske opprøret sør i Thailand å gjere, men dette er det ingen av dei lokale ho kjenner som trur på. Desse opprørarane har svært sjeldan gått til angrep utanfor kjerneområdet sitt i sør.
– Bombeangrepet var nok retta mot dei som sit med makta i Bangkok og Thailand, seier Kristine Stenbeck.
LES OGSÅ:
Politifolk i arbeid på åstaden for det verste bombeangrepet i Bangkok på mange år.
Foto: Mark Baker / ApHinduistisk statue
Bombeangrepet skjedde i eit travelt vegkryss like ved ein hinduistisk statue, som er svært mykje besøkt både av turistar og fastbuande. Ifølgje Utanriksdepartementet i Oslo har dei ingen indikasjonar på at nordmenn er ramma av eksplosjonen.
Lokale medium melder at dei fleste som vart ramma er frå Asia, mange frå Kina og Taiwan.
Avisa Bangkok Post melder at politiet har uskadeleggjort to andre bomber som vart oppdaga etter eksplosjonen. Det eine var festa til eit støttepilar under ei skytrain-bane. Politiet leitar etter fleire bomber.