– 68 prosent av franskmenn meiner at muslimar ikkje er integrerte i samfunnet hovudsakleg fordi dei sjølve nektar å bli det, heiter det i rapporten frå Amnesty International, som tek for seg diskriminering av muslimar i europeisk arbeidsliv.
Søndag vart det klart at Marine Le Pen, presidentkandidat for det høgrenasjonalistiske partiet Front National, fekk ei rekordoppslutning på 18 prosent i fyrste runde av det franske presidentvalet.
No flørtar også president Nicolas Sarkozy med høgreekstreme veljarar for å samle nok støtte til å slå Sosialistpartiet sin kandidat François Hollande.
- LES OGSÅ:
– Gjer ikkje nok
Amnesty-rapporten avslører at Frankrike under Sarkozy si leiing ikkje har innført lovar og reglar som sikrar muslimar like rettar i arbeidslivet.
– Den franske stat feiler i å sikre at den nasjonale lovgivinga er på høgde med internasjonale standardar. Frankrike gjer ikkje nok for å sikre at ikkje-statlege aktørar, som private arbeidsgjevarar, ikkje dikriminerar på grunnlag av religion eller tru, heiter det i rapporten.
For eitt år sidan blei det innført ei lov som forbyr folk å dekkje ansiktet på offentleg plass. Amnesty åtvarar mot innføring av generelle forbod mot kulturelle og religiøse symbolar.
– Det er fordomsfullt å gå ut frå at alle kvinner som brukar visse typar klede berre gjer det under tvang, heiter det i rapporten.
– Sjølv om Frankrike støttar nokre av initiativa for å kjempe mot diskriminering og for å fremje mangfald på arbeidsmarknaden, er Amnesty International bekymra over at arbeidsgjevarar framleis ekskluderer muslimar på grunnlag av stereotypar og fordommar. Dette går særleg utover muslimske kvinner, heiter det i rapporten.
- LES OGSÅ:
– Må bli franske
Tidlegare fyrsteamanuensis i fransk kulturkunnskap ved Universitetet i Oslo, Pedro Estop-Garanto, meiner det er både historiske og sosiale forhold som ligg bak franskmenn si kjensle av at muslimar ikkje vil bli integrerte.
– Algerie-krigen er ein viktig faktor. Algerie var fransk koloni og dermed var mange nordafrikanarar franske og flytta til Frankrike. Men dei integrerte seg ikkje i samfunnet. Dermed kan ein sei at muslimane kom skeivt ut. Dei store gruppene med muslimar kjenner seg ikkje franske og held seg til kvarandre, seier Estop-Garanto.
– Samstundes meiner veldig mange franskmenn at alle som kjem til Frankrike, må bli franske. Muslimar blir ikkje smelta inn i det franske samfunnet på same måte som til dømes spanjolar og italienarar, seier han.
– Dei sosiale tilhøva til mange muslimar blir som ein vond sirkel. Det er vanskeleg å kome seg ut av drabantbyane, med alle dei sosiale problema som finst der, og bli betre integrert i det franske samfunnet. Men det er moglegheiter. Om du vil opp og fram, så får du lov til det ved å vere flink på skulen, seier Estop-Garanto.
Arbeidsløysa i Frankrike var 10 prosent per februar 2012, ifølgje Eurostat.
- LES OGSÅ:
Stigmatisering
Meiningsmålinga Amnesty refererer til er gjort av det franske meiningsmålingsinstituttet IFOP.
Det finst også nyare eksemplar på faktorar som kan forklare skepsisen. Til dømes Toulouse-skyttaren, Mohamed Mehra, som tok livet av sju menneske i løpet av åtte dagar.
Marine Le Pen sa i ein tale i mars: «Kor mange Mohammed Mehraer kjem med båt og fly kvar dag og fyller Frankrike med immigrantar?»
Rekordoppslutninga hennar kan tyde på at det er mange franskmenn som fryktar det same.
- LES OGSÅ: