Hopp til innhold

– Musharraf forlét retts­lokalet før politiet rakk å arrestere han

Ein pakistansk domstol har utferda arrestordre på tidlegare president Pervez Musharraf. Politiet seier han er på flukt.

Tett vakthald rundt Pervez Musharraf.

Pervez Musharraf saman med tryggingsvakter inne på eigedomen sin i Islamabad torsdag.

Foto: B.K. Bangash / Ap

Nyheitsbyrået AP melder frå den pakistanske hovudstaden Islamabad at Musharraf og tryggingsvaktene hans forlet domstolen i stor fart, etter at kravet om å bli sett fri mot kausjon vart avvist av retten.

Tungt oppbod av tryggingsvakter rundt Pervez Musharraf.

Det var tungt vakthald rundt Pervez Musharraf då han kom til rettslokalet i dag tidleg.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Polititenestemannen Ali Asghar seier til Ap at tryggingsvaktene tok med seg Musharraf ut av lokalet, og at dei forsvann fort i ein svart, pansra Toyota Land Cruiser før politiet rakk å arrestere han.

– Politiet prøvde ikkje

Andre kjelder seier at politiet ikkje gjorde noko forsøk på å arrestere Musharraf då han forlet rettslokalet. Nyheitsbyrået AFP melder at han no oppheld seg på eigedomen sin i utkanten av Islamabad. Denne eigedomen, som ligg i eit velståande strøk av byen, har høge gjerder med piggtråd og fleire vakttårn.

Fleire titals politifolk med skjold og batongar har teke oppstilling utanfor eigedomen til Musharraf, men det er ingen teikn til at dei vil prøve å ta seg inn for å arrestere eks-presidenten.

Det kan bli vanskeleg å arrestere Musharraf. Han har ein stor vaktstyrke som passar på seg, og ikkje minst, han har mange tilhengjarar i den mektige pakistanske hæren. Fleire observatørar har sagt at hæren neppe ville tillate at den tidlegare hærsjefen blir arrestert.

Avslo kausjon

Domstolen avslo kravet frå Musharraf om å bli sett fri mot kausjon. Årsaka er at den dåverande pakistanske presidenten i 2007 sette grunnlova til side og innførte unntakstilstand i landet.

Ein talsmann for Musharraf, Saima Ali Dada, seier at han vil anke arrestordren til høgsterett. Dette vil truleg skje i løpet av dagen.

Musharraf på veg bort i ein pansra bil.

Den pansra bilen til Musharraf forsvann fort frå domstolsbygningen etter arrestordren. Politiet seier han flykta.

Foto: B.K. Bangash / Ap

Musharraf har også sagt at han vil anke avgjerda om at han ikkje får delta i parlamentsvalet i 11. mai, til høgsterett.

Ein talsmann for partiet hans, Den muslimske ligaen for heile Pakistan, seier at tilhengjarane hans er sjokkerte over arrestordren.

Den tidlegare militærsjefen og seinare presidenten Pervez Musharraf er skulda for landssvik i samband med unntakstilstanden han innførte, og at han utferda arrestordre på fleire dommarar i november 2007.

Over fire år i eksil

Musharraf tok makta i eit militærkupp i 1999, og han styrte Pakistan fram til oktober 2008. Etter avgangen forlet han landet, og han kom først tilbake til Pakistan sist månad. Han har for det meste opphalde seg i London og i Dubai.

Video frå domstolområdet i Islamabad.

VIDEO: – Musharraf stakk av frå politiet

Det var ambisjonen hans å delta i parlamentsvalet 11. mai, men tidlegare denne veka stengde valkommisjonen han ute frå valet. Den formelle årsaka er at det verserer fleire saker mot han i det pakistanske rettsvesenet.

Han blir blant anna etterforska for medverknad til drapet på tidlegare statsminister Benazir Bhutto. Dette er blant anna basert på ein FN-rapport som skulda pakistanske styresmakter for ikkje å ha sytt for at Bhutto fekk skikkeleg vakthald.

I tillegg til at Musharraf no er ettersøkt av politiet, har også den islamistiske opprørsgruppa Taliban trua med å drepe den tidlegare presidenten.

LES OGSÅ: Musharraf er kommet hjem til Pakistan

NRK.no følgjer utviklinga i saka

SISTE NYTT

Siste nytt