Hopp til innhold

– Minst 32 menneske drepne i bilbombeangrep

– Minst 32 menneske er drepne i eit bilbombeanrgep på ein travel marknadsplass i byen Tuz Khurmatu sør for Kirkuk, opplyser irakiske politikjelder til nyheitsbyrået AP.

Terrorangerp i Tuz Khurmato.

Guvernøren i Kirkuk, Rakan Said, vitjar ein av dei såra etter terrorangepet i Tuz Khurmatu i Irak i ettermiddag.

Foto: Marwan Ibrahim / AFP

Det var ein lastebil som gjekk i lufta på eit grønnsaksmarknad i det som ser ut som ein sjølvmordsaksdjon. Dei aller fleste offera er sivile, blir det opplyst, men også seks medlemer av dei irakiske tryggingsstyrkane var blant dei drepne. Ein lege ved sjukehuset i byen seier at så mange som 80 menneske er såra i angrepet.

Tuz Khurmatu er ein by med ein miks av kurdarar, arabarar og turkmenarar. Byen vart erobra tilbake av irakiske styrkar nyleg, etter at kurdiske styrkar tok kontroll over byen i kjølvatnet av den kurdiske sjølvstendeavrøystinga.

Ingen har sagt at dei står bak angepet i Tuz Kharmatu. Byen var i ein periode under kontroll av terrorgruppa IS.

Den turkmenske parlamentarikaren Maamar Oglu seier at byen ikkje har opplevd eit så alvorleg angrep på mange år.

Laster Twitter-innhold
thus khurmatu

SISTE NYTT

Siste nytt