NRK Meny
Normal

– Minst 200 drepne i ny massakre

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein ny massakre i den syriske provinsen Hama har kosta over 200 menneske livet, hevdar opposisjonen i landet.

Minst 200 menneske blei torsdag massakrerte av syriske tryggingsstyrkar i ein landsby i Hama, ifølgje vitne og innbyggjarar som aktivistar frå opposisjonen har snakka med.

Landsbyen Tremseh blei angripen av syriske styrkar og etterpå storma av Shabbiha-militsen, seier opposisjonen.

Kasta granater i gatene

Syriske opposisjonelle opplyste først at minst hundre menneske blei drept. Deretter hevda Rådet for leiinga av revolusjonen i Hama at dødstalet er høgare enn 200 og at fleirtalet av dei drepne er sivile.

Mange vart drepne då syriske styrkar kasta granatar inn i gatene. Mange fleire skal deretter ha vorte regelrett avretta med skot mot hovudet, ifølgje aktivistane som nyheitsbyrået Reuters har snakka med.

– Dei syriske regjeringsstyrkane har bombardert landsbyen ved bruk av stridsvogner og helikopter, opplyser Rami Abdel Rahman, leiaren for det britisk-baserte Syriske observatoriet for menneskerettar til AFP.

– Drepe når de har flykta

Opposisjonsaktivist Fadi Sameh, som er frå Tremseh, var ikkje sjølv i landsbyen då angrepet skjedde, men han fortel at han har snakka med innbyggjarar. Ifølgje han har heile hus blitt brende ned og øydelagt i angrepet.

– Kvar familie i byen ser ut til å ha mista medlemmer. Vi har navn på menn, kvinner og born frå tallause familiar, fortel Sameh.

Ein annan aktivist fortel nyhendebyrået Reuters at heile familiar har vorte drepe når dei har flykta.

Statleg TV skuldar på terrorister

Statleg syrisk TV skuldar på «væpna terroristgrupper», og seier dei skal ha «skote vilkårleg rundt seg» i byen Tremseh. Først etter å ha vorte kontakta av innbyggjarar i landsbyen, skal tryggingsstyrkane ha angripe terroristgruppene.

Meir enn 17.000 menneske skal ha vorte drepne etter at opprøret mot president Bashar al-Assad starta i mars i fjor.

Om tala for dagens hending blir bekrefta, vil dei stå for den verste enkelthendinga sidan opprøret starta for 16 månader sidan.

LES OGSÅ: HRW: Syria brukar klasevåpen mot opprørarane

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt