Hopp til innhold

– Minst 166 gruvearbeidarar døde i Tyrkia

Minst 166 gruvearbeidarar er døde etter ein eksplosjon i ei kolgruve i den vestlege provinsen Manisa i Tyrkia, seier energiministeren i landet. Mange er framleis innesperra.

Skadd gruvearbeidar teken ut av gruva i Soma i Tyrkia.

Ein skadd arbeidar blir ført ut av gruva på båre.

Foto: HANDOUT / Reuters

I tillegg til dei omkomne skal 75 vere såra.

Ordførar Cengiz Ergun seier til TV-stasjonen CNN Turk at 600 arbeidarar blei innesperra etter eksplosjonen.

Gruva ligg i Soma, rundt 120 kilometer nordaust for turistbyen Izmir ved Egeerhavet. Det er uklart kor lenge arbeidarane kan overleve inne i gruva, to kilometer under bakken og fire kilometer frå utgangen.

Ei kjelde blant redningsarbeidarane seier til AFP at det er to luftlommer inne i gruva, og at dei har greidd å kome seg inn i den eine. Han stadfestar at det var arbeidarar der, men kan ikkje seie noko om tilstanden deira.

Det er folk også inne i den andre luftlomma, men denne er blokkert slik at dei ikkje greier å kome seg inn, melder AFP.

Heiser ute av drift

Gruveulukke i Tyrkia.

Fortvilte pårørande spør om nytt etter sine kjære, men det er lite informasjon å få.

Foto: HANDOUT / Reuters

Ulukka starta med ein eksplosjon i det elektriske anlegget, som igjen førte til brann.

Røykutviklinga har vore stor inne i gruva, og etter som timane går er det stor frykt for at talet på omkomne kan stige betydeleg. Eksplosjonen sette blant anna heissystemet i gruva ut av spel, og det er uklart om viftene i anlegget fungerer.

Guvernøren i provinsen Manisa seier til fjernsynsstasjonen NTV mellom 200 og 300 personar arbeidde i gruva, då ein feil i det elektriske anlegget førte til ein eksplosjon, som igjen førte til brann. Ei anna kjelde seier at det var 580 inne i gruva, og at 280 av dei greidde å kome seg ut ved eiga hjelp.

Ulykke i gruve i Tyrkia.

Eksplosjonen og den etterfølgjande brannen i gruva har gjort redningsarbeidet svært vanskeleg.

Foto: Ap
Gruveulykken

VIDEO: Minst 200 er innesperra i gruva.

Forvirring

Årsaka til forvirringa om kor mange som var inne i gruva, kan skuldast at det gjekk føre seg eit mannskapsskifte inne i gruva då eksplosjonen fann stad. Ei kjelde seier at rundt 400 er innesperra.

Borgarmeisteren i Soma seier at 200–300 gruvearbeidarar framleis er innesperra, medan sjefen for det lokale brannvesenet seier at rundt 300 er inne i gruva. Fire lag med hjelpearbeidarar er inne for å lokalisere dei innesperra arbeidarane.

Mange pårørande strøymde til gruveområdet då nyheita om ulukka vart kjend.

Energiminister Taner Yildiz stadfestar at brannen starta som følgje av ein feil i det elektriske anlegget og at arbeidarar har mist livet, men han vil ikkje gi opp noko tal.

tyrkia manisa

– Pumpar inn oksygen

Leiaren for den lokale fagforeininga for gruvearbeidarar i området, Tamer Kucucgencay, seier til Reuters at det blir pumpa oksygen inn i den brennande gruva, men at brannen ikkje er sløkt. Han ser ikkje bort frå at det også kan ha teke fyr i kolet i gruva.

Alle gruvearbeidarane skal vere utstyrte med gassmasker, men det er uklart kor lenge dei varer.

Vevat Dedari, professor i gruveteknologi ved Bülent Ecevit-universitetet i Zongulak, seier at den største trusselen mot gruvearbeidarane er mangel på oksygen. Om ikkje takviftene fungerer, kan det bety døden for arbeidarane i løpet av ein time, seier han til nyheitsbyrået AFP.

Den verste gruveulukka i Tyrkia skjedde i 1992. Då omkom 263 gruvearbeidarar i ein eksplosjon i ei gruve i byen Zongulak.

Saka blir oppdatert

Gruveulukke i Soma i Tyrkia.

Mange pårørande har strøymt til gruveområdet utover dagen.

Foto: Ap
Gruveulykke i Tyrkia

Hjelpearbeidarar og pårørande utanfor gruva der over 200 er innesperra.

Foto: Reuters
Gruveulykke i Tyrkia

SISTE NYTT

Siste nytt