– Mers-utbrotet har nådd toppen

Sør-Korea trur at Mers-utbrotet har nådd toppen. Ekspertar seier at dei neste dagane vil vise om styresmaktene har lukkast med sine tiltak mot det dødelege viruset.

Helsearbeidere i fullt beskyttelsesutstyr sjekker en pasient med Mers

Helsearbeidarar i fullt beskyttelsesutstyr undersøker ein pasient som er smitta med Mers-viruset.

Foto: YONHAP / Reuters

Det største utbrotet av viruset Mers (Middle East Respiratory Syndrome) kom til Sør-Korea etter at ein 68 år gammal mann tok det med seg etter ei reise i Saudi-Arabia.

Når mannen vart sjuk og reiste heim, besøkte han fleire sjukehus og klinikkar, der dusinvis av andre pasientar og arbeidarar vart smitta før dei fann utkva som feila han.

Seinare byrja dei å isolere dei han hadde hatt kontakt med.

Finnast ingen kur

Utbrotet i Sør-Korea er det nest største i sitt slag etter utbrotet i Midtausten der over 400 er døde sidan smitten braut ut i 2012.

Viruset gir lungebetennelse og akutt lungesviktsyndrom. Det finnast ingen kur eller vaksine mot viruset, som har ein dødlegheit på 40 prosent.

Det har kome mykje kritikk mot styresmaktene og helsearbeidarar for å ikkje tidleg nok gjenkjenne og stanse spreiinga av viruset.

T-banevogner desinfiseres i Seoul for Mers-virus

Arbeidarar desinfiserer ei t-banevogn i hovudstaden Seoul.

Foto: Jo Jung-ho / Ap

Nærare 3000 menneske er sett isolasjon, og 2200 skular er stengde i Sør-Korea.

Trass i at Mers smittar gjennom kontakt og ikkje luft, har mange unngått store folkemengder som parkar og kinosalar.

Reisebyrå rapporterer om ein auke i talet på turistar som avlyser sitt besøk til landet.

Utbrotet har ifølgje helsestyresmaktene avgrensa seg til sjukehus, og er førebels ikkje spreidd ut i samfunnet.

Opplyste ikkje om ferietur

Styresmaktene seier at den 68 år gamle mannen ikkje opplyste om reisa til Saudi-Arabia før det fjerde sjukehuset han kom til for å få behandling.

Kona til 68 åringen var det andre tilfellet av Mers-smitta, og fortalde ein lokal TV-stasjon at årsaka til at mannen ikkje fortalde om ferien, var at han ikkje greidde å snakke med doktorane på grunn av høg feber

.

T-banepassasjerer med ansiktsmasker i Seoul

Filippinske turistar brukar munnbind på t-bana for å vere føre var.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt