Hopp til innhold

Putin: Medvedev må gjere eit godt val for å bli statsminister

Vladimir Putin sa i dag at det ikkje er sikkert at noverande president Dimitrij Medvedev blir statsminister, dersom Putin blir valt til president neste år.

Vladimir Putin vil bli russisk president igjen.

Vladimir Putin seier det ikkje er sikkert at Dimitrij Medvedev blir hans statsministerkandidat.

Foto: NATALIA KOLESNIKOVA / Afp

Sist månad lanserte Vladimir Putin seg sjølv om presidentkandidat ved valet i Russland i mars 2012. Då sa han at noverande president Dimitrij Medvedev blir hans statsministerkandidat.

LES OGSÅ: Bestillingsvalg i Russland

LES OGSÅ: Stjerner feirer omstridt president

Putins kandidat

Russlands president Dimitrij Medvedev.

President Dimitrij Medvedev kan bli statsminister etter presidentvalet neste år.

Foto: VLADIMIR RODIONOV / Afp

Putin var president i Russland frå 2000 til 2008. Då kunne han etter grunnlova ikkje sitje lenger, og han lanserte Medvedev som kandidat. Medvedev vann ein klar siger i presidentvalet, og han utnemnde Putin til statsminister.

No vil Putin bli president igjen, men i dag var han litt mindre kategorisk når det gjeld Medvedev som statsminister. I eit intervju med russisk fjernsyn set han som vilkår at partiet dei begge høyrer til gjer det godt ved det komande parlamentsvalet.

– Dersom Medvedev leier partiet Det sameinte Russland til siger i parlamentsvalet 4. desember i år, så vil han kunne danne ei ny regjering, sa han i intervjuet. Han understreka kor viktig det er for Russland med stabilitet i leiinga.

LES OGSÅ: Putins krukkefunn var en narrestrek

LES OGSÅ: Putin vil ha eurasisk union

– Kriminalitet og terror

Statsministeren og eks-presidenten vedgjekk i intervjuet at Russland har problem på heimebane. Han nemnde spesielt det urolege Nord-Kaukasus, og sa at heile Russland har eit problem med kriminalitet og terror.

I intervjuet sa Putin også at Russland med han som president vil føre ein balansert utanrikspolitikk. Og at Russland heile tida med han ved makta har ført eit balansert politikk til det beste for landet seie utvikling.

– Det betyr også at vi vil ha eit godt og vennskapeleg forhold til alle partnarane våre, sa Putin i intervjuet.

Fleire vestlege analytikarar har sagt åtvara om at med Putin tilbake i sjefsstolen i Kreml, så kan forholdet til USA og andre vestlege land blir dårlegare. Fleire fryktar at Putin vil innta ei haukerolle i forholdet til Vesten.

LES OGSÅ: – Putin-comeback vil gi «arabisk vår» i Russland

LES OGSÅ: Tandemkameratene fra Kreml

– Hauken er snill

Intervjuaren bad Putin kommentere dette.

– For det første så er hauken ein snill liten fugl. Eg er eit menneske, men er imot alle klisjear, svarte han. Og så utdjupa han dette litt:

– Naturleg vis vil vi også i framtida verne om våre nasjonale interesser mest mogleg aktivt. Men vi har alltid gjort dette på ein sivilisert måte, og det vil vi halde fram med også i framtida, sa han.

SISTE NYTT

Siste nytt