Hopp til innhold

– Massedrapsmannen hadde plan for å kome seg unna

Politiet trur massedrapsmannen Stephen Paddock hadde ein plan om å overleve massakren i Las Vegas, og at han kan ha hatt medhjelparar.

Route 91 Harvest Festival i Las Vegas.

Festivaldeltakarane sine eigedelar ligg framleis spreidde rundt på festivalområdet etter massakren sist måndag.

Foto: Robyn Beck / AFP

Sheriff i Clark County, Joe Lombardo, meiner det er tvilsamt at ein mann åleine kunne ha planlagt ein slik massakre. Han sa på ein pressekonferanse i dag at er vanskeleg å sjå føre seg at ein mann åleine kunne skaffe eit slikt arsenal av våpen.

Sheriffen sa også at dei har bevis som peikar mot at Paddock hadde ein plan om å kome seg unna i live, utan at han ville gå nærmare inn på kva bevis det var snakk om. Han var også klar på at han ikkje var åleine om ugjerninga.

– Eit merkverdig liv

Sheriff Joe Lombardo i Clark County.

Sheriff Joe Lombardo seier politiet har bevis for at Stephen Paddock hadde ein plan for å kome seg unna i live.

Foto: Ethan Miller / AFP

– Det verkar klart at han på ein eller annan måte fekk hjelp. Vi veit at Stephen Paddock har brukt fleire tiår på å samle våpen og ammunisjon. Han har levd eit anonymt og merkverdig liv, og eg er redd for at vi aldri nokon gong vil finne ut alt om han, sa Lombardo.

FBIs visedirektør Andrew McCabe seier til nyheitsbyrået AP at han er overraska over kor lite dei har funne ut Paddock. Han hadde ingen nære vener, han var ikkje aktiv på sosiale medium og han hadde lite kontakt med familien.

Den 62 år gamle sambuaren til Paddock kom tilbake til USA seint i går kveld lokal tid etter ein reise til Filippinane, og ho er avhøyrt av politiet. Ho har ikkje kasta lys over kva som fekk den 64 år gamle pensjonisten og storspelaren til å gjennomføre masseskytinga.

Sorg i Las Vegtas.

Ei kvinne tenner lys for dei mange offera frå massakren i Las Vegas.

Foto: Drew Angerer / AFP

Overførte pengar

Danley

Marilou Danley budde saman med massedrapsmannen, men var i Filippinane då han gjennomførte massakren.

Foto: - / AFP

Den filippinsk-fødde kvinna med australsk statsborgarskap seier at ho ikkje hadde peiling på at sambuaren hadde slike planar . Tvert i mot har ho framstilt han som ein snill og omtenksam mann.

Det vekte oppsikt då det kom fram at Paddock hadde overført 100.000 dollar til ein konto ho disponerte på Filippinane , berre nokre dagar før massakren. Ho har fortalt til politiet at ho var redd for at dette var ein måte for han å avslutte forholdet.

Det går fram av etterforskinga at Stephen Paddock hadde gjort grundige førebuingar. Han hadde blant anna leigd rom på eit anna hotell med utsikt til konsertarenaen der massakren gjekk føre seg.

Mandalay Bay Hotel i Las Vegas.

Eit par ser opp mot vindauga i 32. etasje av Mandalay Hotel, der Stephen Paddock skaut frå og drap 59 menneske og såra nærmare 500.

Foto: Robyn Beck / AFP
Las Vegas-politiet har frigjort en video fra uniformskameraene til politimennene som jaktet på skytteren på Mandalay Bay.

VIDEO: Poltiet jaktar på gjerningsmannen.

VIDEO: Trump i Las Vegas.

Kan ha vurdert Boston og Chicago

Mykje tyder også på at han hadde vurdert andre stader der han kunne orkestrere massedrap. I august i år reserverte han to rom på eit hotell i Chicago, samstundes som den populære Lollapalooza-festivalen vart arrangert.

Fleire tusen menneske deltek på denne festivalen kvart år. Frå romma Paddock hadde reservert ville han ha hatt god utsikt til parken der festivalen gjekk føre seg. Nettstaden TMZ melder også at han hadde gjort undersøkingar om eigna område i Boston.

Ubevæpnet konfronterte han drapsmannen i Las Vegas

Dette er de drepte etter masse­skytingen i Las Vegas

Opnar for våpenrestriksjonar i USA

SISTE NYTT

Siste nytt