Hopp til innhold

– Massearrestasjonar i Minsk

Menneskerettsgruppa Viasna hevdar at rundt 1000 motstandarar av president Alexander Lukasjenko er arresterte i den kviterussiske hovudstaden Minsk i løpet av dagen.

Demonstrasjon i Kviterussland.

Ei kvinne ligg på gata og prøver å forsvare seg mot opprørspolitiet i Minsk i Kviterussland.

Foto: Sergei Grits / AP

Opposisjonsleiaren Vladimir Kekliajev vart arrestert på grensa då han kom med tog frå eit besøk i Polen, melder det franske nyheitsbyrået AFP. Arrestasjonsbølgja starta før ein varsla demonstrasjon mot presidenten tidlegare i dag.

Styresmaktene varsla på førehand at demonstrasjonen var ulovleg, og då demonstrantane starta å marsjere ned hovudgata i Minsk, gjekk opprørspolitiet til aksjon.

Norge fjerner straffetiltak mot Hviterussland

– Gjekk brutalt fram

Demonstrasjon i Minsk.

Opprørspolitiet gjekk hardhendt til verks mot demonstrantane i Minsk i dag.

Foto: Sergei Grits / AP

Det er varierande tal på kor mange som er arresterte, det varierer mellom 400 og 1000. Menneskerettsgrupper fortel at opprørspolitiet gjekk svært brutalt fram, og mange demonstrantar vart sparka og slått.

Ena Bavic i organisasjonen Civil Rights Defenders seier at Minsk sentrum ettermiddag var som ei krigssone. Det skal vere rundt 20 journalistar blant dei arresterte, ifølgje det kviterussiske journalistforbundet.

Kviterussiske styresmakter har ikkje kommentert meldingane.

BBCs korrespondent Sergej Kozlovsky seier til nyheitsbyrået AP at opprørspolitiet arresterte både gamle og unge demonstrantar.

Kledte seg naken etter presidentens tale

Lukasjenko inn i varmen – Norge følger EU og opphever sanksjoner

Misnøye med Lukasjenko

Bakgrunnen for protestane er blant anna ein ny skatt som presidenten har foreslått, men opposisjonen har gjort det klart at protestane handlar om langt meir enn berre den upopulære skatten. Det er ein generell misnøye med regimet til Alexander Lukasjenko.

Demonstrasjon i Minsk.

Ei kvinne prøver å argumentere mot opprørspolitiet.

Foto: Sergei Grits / AP
Demonstrasjon i Minsk.

Opprørspolitiet stilte mannsterkt opp mot demonstrantane i Minsk i dag.

Foto: Sergei Grits / AP
Demonstrasjon i Minsk.

Opprørspolitiet slo hardt til mot demonstrantane i Minsk.

Foto: Sergei Gapon / AFP

Demonstrasjonen i dag skal vere den største sidan masseprotestane mot Lukasjenko i 2010, då han varsla at han ville stille til attval for ein ny periode.

Ein del av dei arresterte er i kveld sette fri, men det er uklart kor mange det er snakk om.

Då det vart klart at mange hadde tenkt å reise til Minsk frå andre delar av landet for å vere med på demonstrasjonen, men mange vart hindra for det statlege jernbaneselskapet på grunn av «ein teknisk feil» ikkje fekk selt billettar.

Mange skal også ha vorte arresterte i dagane før demonstrasjonen.

Det statlege fjernsynet har hittil ikkje hatt meldingar om demonstrajonen og arrestasjonane i Minsk, melder AFP.

Hviterussland – nordmenns neste weekendreisemål?

minsk

SISTE NYTT

Siste nytt