Hopp til innhold

– Mafiaen ville forhandle om stole Caravaggio-meisterverk

For 50 år sidan vart eit verdskjent Caravaggio-måleri stole frå ei kyrkje i Palermo på Sicilia. No har det kome fram nye opplysningar kva som eigentleg skjedde med kunstverket, som framleis er borte.

Intervjuet med biskop Rocco Benedetto du kan se over her, vart gjort i 2001, men det vart liggjande i ein skuff heilt til no. I Intervjuet seier han blant anna at måleriet var i heimen til den illgjetne mafialeiaren Gaetano Badalamenti.

Benedetto, som døydde 2003, fortel i intervjuet at han fekk eit brev nokre månader etter tjuveriet av måleriet.

Annonse i avisa

Gaetano Badalamenti

Mykje tyder på at den no avlidne mafiatoppen Gaetano Badalamenti stod bak tjuveriet av Caravaggio-måleriet

Foto: Wikipedia

Her står det følgjande: «Vi har måleriet. Om du vil forhandle med oss, må du setje inn denne annonsen i Giornale di Sicilia». Annonsen skulle vere eit signal til Cosa Nostra, den gongen den mektigaste mafiagrupperinga i Italia, om at den katolske kyrkja var klare til å forhandle.

Benedetto konfererte med kultursjefen i Palermo, og dei sette annonsen inn i avisa. Så var det stille i to veker, før Benedotto fekk eit nytt brev. Dette brevet inneheldt det som måtte oppfattast både som eit bevis og ein trussel

– I konvolutten saman med brevet låg det ein liten bit av lerretet kunstverket var måla på. Det var slik dei ville overtyde meg om at dei verkeleg hadde Caravaggio-måleriet, seier Benedetto.

Same oppskrifta

Filmskaparen som gjorde intervjuet med Benedetto i 2001, Massimo D' Anolfi seier til den britiske avisa The Guardian at den sicilianske mafiaen, Cosa Nostra, heldt seg til oppskrifta dei normalt brukte i kidnappingssaker.

Kristi fødsel av Caravaggio

Caravaggio-måleriet «Kristi fødsel med St. Frans og St. Lavrans» har vore borte i 50 år.

– Dei gjorde akkurat det same med måleriet som dei gjorde med menneske dei hadde bortført. Dei sende ein liten bit av biletet på same måten som dei sender ein finger eller ei øyre frå eit bortføringsoffer, seier han.

Mafiaen kravde at det skulle setjast inn ein annonse nummer to i Giornale di Sicilia, men denne gongens sette kultursjefen i Palermo foten ned. Han melde i staden biskopen til politiet, fordi han mistenkte at det var han som stod bak tjuveriet.

– Dei tok til og med fingeravtrykka mine, men seinare fekk eg ei orsaking. Kultursjefen vedgjekk at dei hadde teke feil. Men då var alt skaden skjedd, seier Benedetto i intervjuet. Han meiner at politiet heile tida har visst kven som hadde måleriet.

Meisterverk

Då måleriet «Kristi fødsel med St. Frans og St. Lavrans» vart stole i 1969, hadde det hengt i San Lorenzo-kyrkja i Palermo i over 350 år. Det blir rekna som eitt av meisterverka til Michelangelo Merisi da Caravaggio. Opp gjennom åra har det versert mange teoriar om kva som hadde skjedde med måleriet.

Det gjekk rykte ei stund om at måleriet vart lagra i ein låve, der det vart fortært av rotter. Men mykje tyder på at meisterverket til Caravaggio vart teke godt vare på.

Rosy Bindi

Rosy Bindi, leiar for den italienske antimafia-kommisjonen, har tru på at måleriet vil kome til rette.

Foto: Luca Bruno / AP

Ein avhoppar frå Cosa Nostra fortalde i 2018 til politiet at måleriet hadde vore i Badalamenti-familien si varetekt i mange år, men at kunstverket kunne ha blitt selt til ein kunsthandlar i Sveits.

Kan ha hamna i Sveits

Gaetano Badalamenti, som tente store pengar i si tid på smugling av heroin til USA, vart arrestert i New York i 1984. Han døydde på eit sjukehus i Massachusetts i 2004, og det har kome politiet for øyre at det var etter det at måleriet hamna i Sveits.

Ein mafiainformant fortalde politiet på slutten av 1990-talet at det stolne måleriet vart vist fram når dei mektigaste leiarane i Cosa Nostra var samla til møte. Dette for å vise kvarandre kor mektige dei var.

Sjefen for antimafia-kommisjonen i Italia, Rosy Bindi, sa så seint som i fjor at han hadde eit godt håp om å finne igjen det sakna måleriet, og at det skal tilbake til San Lorenzo-kyrkja i Palermo.

SISTE NYTT

Siste nytt