NRK Meny
Normal

– Må ta byen gate for gate

ERBIL/IRAK (NRK): Det er ingen som veit kor vanskeleg offensiven vil bli eller kor lang tid det vil ta. Militærstyrkar kjempar no for å ta tilbake byen Mosul frå IS.

Peshmerga-gruppe på veg mot frontlinjene

Ei Peshmerga-gruppe køyrer mot frontlinjene aust for Mosul.

Foto: Bram Janssen / Ap

I natt starta militæroffensiven for å frigjere Mosul frå IS. Kampen om den nest største byen i Irak blir omtalt som det mest avgjerande sidan invasjonen i 2003. Men ingen veit kor lang tid det vil ta.

Gatekampane blir harde. Byen må takast tilbake nærast gate for gate. Det kan ta tid. Det stadfestar leiaren for den USA-leia koalisjonen.

– Denne operasjonen for å ta kontroll over den nest største byen i Irak kan ta veker, og truleg meir, fortel general Stephen Townsend i USAs forsvar til nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje Townsend har den USA-leia koalisjonen trent og utstyrt meir enn 54.000 irakiske soldatar.

Symobolsk side

Sidan juni 2014 har Mosul, som ligg heilt nord i Irak, vore styrt av IS. Det er ein strategisk viktig by for både IS og i irakiske styresmakter.

Utan Mosul vil IS bli betydeleg svekka i Irak. Mosul er den siste store byen ekstremistgruppa kontrollerer i landet. Det er avgjerande for Irak og det er avgjerande for IS, og dermed også for verda.

Kampen om Mosul har også ei symbolsk side. Mange vart overraska då IS erobra Mosul i 2014. Det var då verda fekk opp auga for trusselen IS utgjer. Og det var frå Mosul at IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi fyrst erklærte den islamske staten for oppretta.

Fryktar sivile tap

– Eg er svært bekymra for sikkerheita til opptil 1,5 millionar menneske som bur i Mosul og kan bli ramma av dei militære operasjonane for å gjenerobre byen frå IS, seier nødhjelpssjefen til FN, Stephen O'Brien.

Han seier familiar er i stor fare for å bli fanga i krysseld eller utsett for snikskyttarar. FN fryktar at så mange som ein million menneske kan bli tvinga på flukt no som storoffensiven mot den IS-kontrollerte byen har begynt.

Ifølgje CNN har irakiske fly nyleg sloppe flygeblad over Mosul med åtvaringar til folk om at offensiven snart vil starte. Natt til måndag sa statsministeren i Irak, Haider al-Abadi, i ei TV-tale at kampen for å gjenerobre Mosul frå ekstremistgruppa IS var i gang.

Mange aktørar

Det er dei irakiske regjeringsstyrkane som leiar storeoffensiven mot IS i Mosul. Men dei får støtte frå mange aktørar. Den amerikanskleia koalisjonen deltek i ei opplærings- og logistikkrolle og i luftangrep. I tillegg er det mange lokale aktørar.

Blant dei som deltek er dei kurdiske peshmerga-styrkane, shiamilitsar og sunni-arabiske stammemilitsar. Men mange aktørar kan også vise seg å bli eit problem. Dei ulike aktørane har forskjellig oppfatning av si eiga rolle i Mosul-offensiven og det pågår også rivalisering mellom fleire av dei.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt