Hopp til innhold

– Lik ligg i gatene i Tripoli

Vitne i den libyske hovudstaden seier til Al-Jazeera at daude kroppar framleis ligg i gatene etter angrepa i går.

Folkets hus i Tripoli er utbrent

Folkets hus i Tripoli er utbrent etter fleire dagar med demonstrasjonar mot Mummar al-Gaddafi.

Foto: STR / Ap

Eit vitne i forstaden Tajura fortel tysdag føremiddag til Al-Jazeera at lik framleis ligg i gatene etter tidlegare valdshandlingar.

I går kveld kom dei første rapportane om luftangrep mot Tripoli . Augevitne fortalte at alle som rørte seg utandørs vart skotne på.

– Det er ikkje råd å førestille seg det vi ser. Krigsfly og helikopter bombar område etter område, fortalte eit vitne til Reuters.

– Ser stille ut

Ein BBC-korrespondent i Tripoli seier militæret er tungt inne i byen også i dag, men at det elles ser stille ut.

– Tysdag morgon ser det ut til å vere stille her etter ei frykteleg natt. Folk er redde og held seg heime, seier han til BBC.

Han seier det er veldig lite folk i gatene og at byen er avstengd.

– Innbyggjarane i Tripoli har stadfesta at områda rundt Den grøne plassen vart angripne i går, seier han.

– Soldatar skyt sivile

Vitna fortel til Al-Jazeera tysdag føremiddag at jagarfly har bomba deler av byen i ferske angrep og at leigesoldatar skyt på sivile.

Ifølgje vitna skal så mange som 300 menneske vere drepne i valdsepisodar dei siste dagane.

Meldingane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

SISTE NYTT

Siste nytt