Hopp til innhold

– Leiren «Jungelen» i Calais vil gradvis bli avvikla

Den enorme leiren i Calais med kallenamnet «jungelen» skal bli avvikla steg for steg, lovar den franske innanriksministeren. Næringslivet i byen meiner leiren øydelegg for turismen.

EUROPE-MIGRANTS/CALAIS

«Jungelen» i Calais har blitt ein verkebyll for styresmaktene. Næringslivet hevdar dei tapar store pengar på det dårlege ryktet leiren har gjeve byen.

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / Reuters

Utsegna kom til den franske avisa Nord Littoral. Der seier innanriksministeren at han vil presse på for å gradvis stenge leiren.

Bebuarane skal bli flytta til andre stadar i Frankrike. Mellom anna vil det bli opna to leire i Paris, som skal ta unna unna leirbebuarane i Calais.

Over 7.000 migrantar og flyktningar ventar i Calais på ein sjanse til å kome seg over til dei britiske øyane.

FRANCE-GB-MIGRANTS-UNREST

Rydding i utbrende brakker, etter masseslagsmålet i mai.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

Masseslagsmål

I februar og mars reiv franske styresmakter den sørlege delen av den provisoriske leiren, til store protestar.

Samtidig hevda bebuarane at dei vart banka opp av politi og høgreekstreme grupper.

EUROPE-MIGRANTS/CALAIS A young boy from Afghanistan pushes his bycicle in the mud in the southern part of the camp known as the "Jungle", a squalid sprawling camp in Calais

Regn gjer leiren til eit gjørmehol. Truleg bur det fleire enn 800 mindreårige i leiren.

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / Reuters

Leiren øydelegg for turismen i Calais

Franske styresmakter seier til nyheitskanalen France24 at det har kome 25 % færre turistar til Calais samanlikna med i fjor.

Næringslivet i byen, driv aktivt lobbyverksemd mot presidenten i Frankrike for å få erklært området ei «økonomisk katastrofe».

Dei meiner leiren har gjeve den franske strandbyen eit dårleg rykte.

FRANCE-GB-EUROPE-MIGRANTS

Leiren har butikkar, hotell, moskear og kyrkjer. Til og med eit diskotek, går det rykte om. bebuarane lever i eit parallellsamfunn i Calais.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

Slumby

1.900 politi tenestegjer for tida i Calais for å halde oppsyn med leiren, som tidvis blir rekna som ein farleg stad.

I mai braut det ut masseslagsmål.

40 personar vart skadde og fleire telt og hytter vart sett fyr på, etter at 300–400 sudanske og afghanske flyktningar og migrantar barka saman.

Samtidig blir det gjort forsøk på å normalisere livet i brakkebyen.

Hjelpeorganisasjonar gjev legehjelp og driv undervisning av born.

Det er også oppretta kyrkjer, moskear, butikkar og hotell.

FILES-FRANCE-BRITAIN-MIGRANTS-CHILDREN-UN

Hjelpeorganisasjonar har laga skule for borna.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt