Hopp til innhold

– Lar seg ikkje stoppe av dårleg vêr

I natt drukna 21 personar utanfor Lesvos. 13 av dei var born, seier greske styremakter. Det er ingen teikn til at trafikken vil avta.

APTOPIX Greece Migrants

Syriske flyktningar viser både frykt og glede når han har kome seg velberga til Lesvos.

Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

Dårleg vêr gjer overfarten på omlag 40 minutt, farlegare.

18 av dei 21 som omkom, forliste utanfor Lesvos. Tre drukna utanfor Rhodos. 138 vart berga av frivillige utanfor øya Kalymnos. Fleire gangar for dag blir forliste flyktningar berga av frivillege og kystvakta.

Laster Twitter-innhold

– Lar seg ikkje skremme

Båtflyktningane lar seg ikkje skremme av at temperaturen går ned og bølgjene blir høgare. Det fortalde Peter Bouckaert frå Human Rights Watch til NRK.

Han seier at det kjem om lag hundre gummibåtar med flyktningar til Lesvos kvar dag. Med om lag 55 passasjerar om bord blir det mellom 4 og 6 tusen dagleg.

– På ein føremiddag såg eg 40 båtar. Det er 1,2 millionar dollar i inntekter til smuglarane på to timar, fortalde Bouckaert til NRK.

Bouckaert ser ingen teikn til at trafikken har gått ned, sjølv om vinteren står for døra.

Laster Twitter-innhold

Snart ikkje plass til fleire graver

Kyrkjegardane på Lesvov er snart fulle, skriv den greske avisa Ekathimerini. Dei kristne vil bli gravlagde vende mot vest. Muslimar mot Mekka. Gravene er merka med nummer slik at pårørande kan finne sine kjære igjen. Legar på Lesvos har teke DNA av alle som er gravlagde skriv Deutsche Welle.

Laster Twitter-innhold

Borgarmeisteren på Lesvos ber greske styremakter om å rive gjerdet på grensa til Tyrkia, slik at flyktningane kan krysse inn i Europa på beina og ikkje risikere livet på havet.

Laster Twitter-innhold

Flyktningkrangel mellom Slovenia og Austerrike

Etter at Ungarn gjerda inne si grense, har Slovenia blitt oversvømt av migrantar. Over 94.000 har kryssa inn i landet og gått vidare til Austerrike.

I går var det tilløp til panikk da eit tusentals migrantar prøvde å ta seg forbi politisperringar på grensa Situasjonen roa seg ned da politiet letta på stengsla ved grensestasjonen.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt