Jurist og stipendiat i Norsk senter for menneskerettar, Sofie Høgestøl, og direktør ved Norsk senter for fredsforsking (PRIO), Kristian Harpviken, var gjestar i Dagsnytt 18 i kveld.
Sofie Høgestøl kallar Chilcot-rapporten for ein brutal dom på alle ledd i avgjerdsprosessen som førte fram til krigen. Kristian Harpviken seier at kritikken av Blair var definitivt skarpare enn venta.
– Mangla grunnlag
Dei er samde om at rapporten slår fast at grunnlaget for å
og Saddam Hussein i 2003, ikkje var til stades. Dei er også samde om at rapporten seier klart imot Tony Blair i spørsmålet om han burde vite kva konsekvensar krigen kunne få for Irak.Tidlegare statsminister Tony Blair seier på si side at han, basert på den informasjonen som låg på bordet, ikkje kunne ei anna avgjerd
.Kristian Harpviken seier at invasjonen av Irak ikkje var hovudspørsmålet for Blair, og at det for han handla om å styrkje USAs posisjon som den leiande makta i verda.
Rapporten slår fast at det britiske soldatar var altfor dårleg førebudde på det som venta dei i Irak. Den militære kompetansen var for dårleg, utstyret var ikkje godt nok, og dei brukte for lang tid på å justere kursen.
– For dårleg materiell
– Dei hadde ikkje godt nok materiell, noko som kosta britiske liv. Her ligg alt til rette for ein av dei tøffaste debattane i det offentlege liv i Storbritannia, seier Sofie Høgestøl.
Ho trur likevel ikkje at saka går så langt som at det blir opna riksrettssak mot Tony Blair.
– Sist nokon vart stilt for riksrett i Storbritannia var i 1806. Det er lite truleg at dei børstar støvet av riksretten 210 år seinare, seier ho.
Kristian Harpviken seier at det er mogleg å sjå rapporten som ei oppmoding om at andre instansar kan trekkje saka for retten.
Etterlatne etter britiske soldatar som vart drepne i Irak, har alt varsla at dei vil gå til sak mot Tony Blair.
Sjå innslaget i Dagsnytt 18 over.