NRK Meny
Normal

– Kvar morgon ligg det eit hopetal flyktningar utanfor portane

HAJDUKOVO (NRK): Hajdukovo er tilsynelatande ein roleg landsby i Serbia. Men ute i nattemørkeret er det full aktivitet. Norske Ove Johansen treng ikkje gå langt frå huset sitt før han treff flyktningar som prøver å ta seg forbi piggtråd, politibilar og helikopter.

Ove Johansen møter flyktninger fra Syria

Kvar dag er det flyktningar på veg forbi huset hans. Norske Ove Johansen bur berre 60 meter frå grensa til Schengen. Her møter han ei gruppe flyktningar frå Syria.

Lyden av grashopper breier seg ut over landskapet som er dekka av ein morgondis. Sola er på veg opp over åskammen. Me er ved grensa mellom Serbia og Ungarn.

Ove Johansen ser ut over eigedomen sin. 60 meter bortanfor går grensa mellom Serbia, kor Johansen bur, og Ungarn.

Ove Johansen bur langs grensa mellom Serbia og Ungarn

Ove Johansen kjøpte eigedomen i Serbia fordi den låg på ein roleg stad. Men det siste halvåret har han nærast vakna kvar dag til flyktningar utanfor portane.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Her har det gått mange opp gjennom, seier Johansen, og ser ned på ein sti som går rett i retning av nabolandet Ungarn.

Han kjøpte eigedomen i Serbia fordi den låg roleg og avsides til. Men den siste tida har det vore alt anna enn stille. Flyktningstraumen gjennom Europa går forbi huset hans.

Ove Johansen og flyktninger ved grensa mellom Serbia og Ungarn

Sjansen er størst for å komme seg usett over grensa på nattetid.

Foto: Ove Johansen / NRK

På flukt gjennom nattemørket

På nattetid køyrer det politibilar langs grensa, og i lufta svirrar det eit helikopter.

Når mørket kjem vert NRK med Ove Johansen ut for å sjå om det er flyktningar ute for å ta seg over grensa.

Og det er tydeleg at det finst fleire grupper med menneske der ute i mørket. Ei gruppe med både barn og vaksne kjem bort. Flyktningane likar ikkje at det lyser frå NRK si kameralampe, og ber om at den vert slått av.

Ikkje lenge etter køyrer ein politibil forbi. Det verkar som dei veit at noko er på gang. Politiet sitt arbeid er blitt stadig forsterka den siste tida. Men det har også straumen av flyktningar.

– Sidan januar har må vakna kvar morgon med eit hopetal av menneske på utsida av portane. Det første dei spør om er vatn og vegen til Ungarn, fortel Johansen.

Dei fleste er frå Syria, Afghanistan, men mange er også frå Afrika.

Flyktninger tar seg forbi piggtrådgjerde mellom Ungarn og Serbia

Eit piggtrådgjerde er sett opp, men flyktningane tek seg enkelt forbi. Det er planlagd å oppgradere gjerdet, men enn så lenge er det ikkje mange minuttane ein treng for å kome seg inn frå Serbia og inn i Schengenområdet.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Gjerdet fungerer ikkje

Også på dagtid er det mange som vil ta seg over grensa. NRK og Johansen møter ei gruppe frå Syria.

– Treng de vatn, spør Johansen.

Flyktningane blir med han og forsyner seg med den livsviktige væska. Etter ei lita pause legg dei ut på tur igjen.

Dei kryp gjennom det uferdige grensegjerdet mellom Ungarn og Serbia, og berre etter nokre få minutt er dei inne i Ungarn og Schengen.

– Det gjerdet som ungararane har sett opp fungerer ikkje. Det dei planlegg no er at dei skal sette inn militæret. Om det skjer, så får me flyktningleire på denne sida av grensa, og med det talet på flyktningar som kjem inn, så er det katastrofe for Serbia, seier Johansen.

Laster kart, vennligst vent...

Ove Johansen bur i Hajdukovo i Serbia, ved grensa til Serbia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt