Hopp til innhold

– Kunne unngått katastrofen

Om europeisk vêrmeldingsteneste hadde delt sine data, kunne flaumskadane i Pakistan blitt minimale, meiner amerikanske forskarar.

Flom i Pakistan

Flaumofra måtte få reint drikkevatn for å førebyggje kolera.

Foto: Aaron Favila / Ap
Flom i Pakistan

Det gjekk hardt ut over Pakistan, og mange barn vart råka av flaumen.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Kraftig regnêr hølja ned over Pakistan i juli og august , og førte med seg ein flaum som tok livet av mange tusen menneske. 20 millionar menneske vart råka av dei store vassmassane, som øydela 1,7 millionar hus og 5,4 millionar mål med jord.

Ein professor frå Atlanta, som har forska på korleis jorda og atmosfæren oppfører seg, meiner det ikkje hadde trengt å gå så ille.

– Denne katastrofen kunne ha vore minimal. Til og med flaumen kunne ha blitt minimal, seier Peter Webster til nyheitsbyrået AFP.

Ville ha europeiske vêrdata

Han meiner data frå den europeiske vêrvarslinga (ECMWF) kunne ha blitt mata inn i ein modell som også reknar med terrenget.

– Om vi hadde arbeidd med Pakistan, ville dei ha visst åtte eller ti dagar på førehand at flaumen var på veg, seier han.

American Geophysical Union (AGU) meiner informasjonen som var tilgjengeleg ikkje nådde Pakistan på grunn av manglande samarbeid mellom vermeldingstenesta og Pakistan.

Men London-baserte ECMWF, der 33 europeiske land er med, forsvarar seg med at dei ikkje gir frå seg vêrmeldingar til publikum eller media.

– Vi forsyner våre medlemmer og samarbeidsland med numeriske vermeldingar, slik at dei kan levere vervarsling til publikum og gi råd til myndigheitene i sine respektive land, seier ECMWF-forskar Anna Ghelli ifølgje AGU.

Demning i Pakistan

Her blir vatn tappa frå Tarbela-dammen 24. august. Tappinga kunne ha starta mykje før, ifølgje ein amerikansk forskar.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

Kunne ha tømt demningar

Forskingsarbeidet vil bli publisert i tidsskriftet Geophysical Research Letters.

– Hovudpoenget i denne studien er at det kraftige regnfallet som kom i juli og august, kunn blitt spådd seks til åtte dagar tidlegare, heiter det i ein tidlegversjon av artikkelen.

– Om desse vêrmeldingane hadde vore tilgjengelege for områda i Nord-Pakistan, kunne myndigheitene og dei som styrer vassforsyninga har sett at demningar ville ha blitt fylte raskt, og dei kunne ha sleppt ut vatn på førehand, skriv forskarane.

Webster skriv at han har brukt fem år på å hjelpe Bangladesh med eit flaumvarslingssystem, og at han har hjelpt dei å få i stand ein samarbeidsavtale med ECMWF.

Flaumvarslingssystemet har gjort at mange liv er sparte i Bangladesh, og det har spart inntil ein årslønn per gard.

Innføring av eit liknande system i Pakistan ville koste nokre millionar dollar, og rundt 100.000 dollar i året å drifte, ifølgje Webster.

SISTE NYTT

Siste nytt