Hopp til innhold

– Kriminelle grupper infiltrerer politiet i Nederland

Fleire titals politifolk er suspenderte eller sparka frå stillingane sine den siste tida på grunn av samarbeid med kriminelle. Dette kan vere toppen av isfjellet, går det fram av ein hemmeleg rapport.

Police secure the site of a shooting in Utrecht

SUSPENDERTE: Eit titalls politifolk har anten fått sparken eller er suspenderte. Arkivbiletet er frå ein politiaksjon i Utrecht i mai.

Foto: Piroschka Van De Wouw / Reuters

Avisa Algemeen Dagblad har fått tilgang på ein hemmelegstempla rapport som slår fast at politiet over heile Nederland er infiltrert av organiserte kriminelle grupper. Her heiter det blant anna at det er funne prov for at 19 politifolk, alle frå den sentrale delen av landet, har hatt kontaktar i kriminelle miljø.

Avisa fortel at fleire titals politifolk anten har fått sparken eller er suspenderte. Rapporten peiker på korrupsjon, misbruk av tenesta, brot på teieplikta, forsømming av pliktene som politi og misbruk av politiet sitt datasystem.

– På lønningslista til narkobaron

I byen Utrecht har ein høgare offiser i politiet mist jobben etter mistanke om at han stod på lønningslista til ein illgjeten narkobaron, som er tiltalt for ei rekkje svært alvorlege kriminelle forhold. Rettssaka mot han og 15 medhjelparar går føre seg i Utrecht denne veka.

Dei er tiltalte for å ha organisert og gjennomført fleire drap i det kriminelle miljøet i byen.

I fylket Limburg sør i landet er ein høgare politioffiser suspendert saman med tre underordna politifolk, mistenkte for «uprofesjonell framferd».

I hovudstaden Amsterdam vart ein 55 år gammal politimann arrestert og suspendert sist veke, mistenkt for innehav av harde narkotiske stoff, svindel, misbruk av politiet sine datamaskinar og å røpe hemmeleg informasjon til utanforståande.

Dette er det sjuande tilfellet av slike saker i Amsterdam sidan mai i år.

Faksimile Algemeen Dagblad

Faksimile frå Algemeen Dagblad.

Toppen av isfjellet

Den hemmelege rapporten konkluderer med at dei som er suspenderte og arresterte truleg berre er toppen av isfjellet, og at det for tida er så mange liknande saker i politiet at det ikkje er kapasitet til å etterforske alle.

Jan Strujis, leiar for politi-fagforeininga NPD, seier til Algemeen Dagblad at mykje meir må gjerast for at politifolk skal greie å stå imot forsøka på infiltrasjon frå kriminelle grupper.

– Det er heilt naudsynt at politifolk får skikkeleg opplæring i korleis dei skal stå opp mot slike forsøk frå kriminelle. Dei må kunne stole 100 prosent på at det er trygt for dei å melde frå om slike forhold til sine overordna, seier han.

Innvandrarbakgrunn

Ifølgje den britiske avisa The Guardian gjekk det fram av ein rapport frå det nederlandske justisdepartementet for to år sidan, at 40 prosent av dei som vart tekne for slike forhold hadde innvandrarbakgrunn. Berre sju prosent av nederlandske politifolk har slik bakgrunn.

Denne rapporten konkluderte med at politifolk med innvandrarbakgrunn blir utsette for større press frå kriminelle frå si eiga etniske gruppe enn politifolk med nederlandsk bakgrunn.

Kriminelle med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i ein del tungt kriminelle grupper i Nederland, går det fram av rapporten.

SISTE NYTT

Siste nytt