Hopp til innhold

– Kona bråvakna og ropte at vi måtte ut

Fleire nordmenn på Kos måtte evakuere frå hotella etter skjelvet i Hellas og Tyrkia i natt. – Det var rett og slett ubehageleg og surrealistisk, fortel Sverre Emil Enger

Gjester sitter utanfor Oceanis Beach & Spa Resort

EVAKUERT: Gjestane på Oceanis Beach & Spa Resort måtte sove utanfor hotellet og har heldt seg der i tilfelle nye etterskjelv.

Eit skjelv med styrke på 6,7 vart registrert utanfor den tyrkiske byen Bodrum klokka 22.31 lokal tid. I tillegg vart to andre skjelv med styrke på 4,4 og 4,7 registrert utanfor Kos klokka 22.52 og 23.23. Så langt er det denne øya som bekreftar mest øydeleggingar.

Sverre Emil Enger

SURREALISTISK: Sverre Emil Enger og kona Wenche Enger måtte evakuere frå hotellet.

Foto: Privat

Sverre Emil Enger og kona Wenche Enger låg og sov på hotellet, nokre kilometer utanfor byen, då skjelvet kom. Dei to har vore ei veke på ferieøya Kos.

– Kona bråvakna då skjelvet starta halv to i natt og ropte at vi måtte kome oss ut. Vi fekk med oss pass, telefon og lommebok og sprang ut, seier Enger.

Dei to har aldri opplevd noko liknande før.

– Ubehageleg då folk måtte springe ut av hotellet

– Det var eit ordentleg skjelv som har skapt store øydeleggingar. Det var rett og slett ubehageleg og surrealistisk då folk måtte springe ut av hotellet.

Synlege øydeleggingar på hotellet

Synlege skader på fasaden til Oceanis Beach & Spa Resort der Sverre Emil og Wenche Enger ferierte.

Foto: Privat

Dei vart evakuert saman med dei andre gjestane som måtte sove utanfor.

– Det var panisk, men også roleg. Vi enda opp med å måtte sove ute på stranda, men fekk handdukar av hotellet, som gjorde ein god jobb.

Det har kome nokon etterskjelv, derfor har dei heldt seg ute. Paret skulle tilbake til Noreg i dag, men var usikker på om dei ville kome seg heim igjen som planlagt.

– Vi fekk først høyre at flyplassen var stengd, men no viser det seg at den har opna igjen.

– Braut ut panikk

– Det var masse spetakkel og alle sprang ut, fortel Hilde Hammerset Torsheim frå Førde. Ho er på ferie på den greske øya Kos saman med familien, fire kilometer utanfor byen.

– Det var nokon som kom igjen frå Kos sentrum i natt. Dei fortalde at bygningar hadde kollapsa, folk fekk stein i hovudet og det braut ut vill panikk, fortel Torsheim.

Ein anna familie som er råka er Karasjok-familien Aspeli Simonsen, som opplevde at sengene dei sov i vart flytta fleire centimeter.

Familien er på ferie i Lambi som er ein tettstad ein kilometer utanfor den greske ferieøya Kos.

EVAKUERT: Familien improviserte med solsenger og pledd for at ungene skulle få litt søvn etter natte

EVAKUERT: Familien improviserte med solsenger og pledd for at ungene skulle få litt søvn etter nattens hendelser.

Foto: Privat

– Vi ordna madrasser frå solsengene og henta pledd så ungane fekk sove litt, fortel Simonsen.

Ho ser steinar og murpuss på gatene, og knust glass strødd utover, men hotellet dei bur på har mindre skader.

– Vi har vore veldig heldige som har vore i ei god bygning, fortel ho letta.

Ventar utanfor flyplassen

Eit anna par som er råka av skjelvet er Bjarne Nærum, sambuaren Rosanne Kristiansen og barna Leander og Eira.

– Vi vakna av at det rista i hotellet og det ramla gjenstandar rundt i rommet. Så kikka vi ut og såg at det var veldig mykje bølgjer i bassenget, seier Nærum frå flyplassen på Kos.

– Det står bra til med oss, fortel han.

Ventar på fly

VENTAR: Utanfor flyplassen på Kos er det fleire som ventar på å få reise heim.

Foto: Priat

Ventar på å få reisa heim.

Familien oppheld seg på flyplassen og ventar på vidare beskjed. Dei har snakka med andre som mista straumen og måtte evakuere. Han fortel også at fleire av dei som er på flyplassen gjerne vil heim, sjølv om dei eigentleg skulle vere lenger.

– Folk lurer litt på om vi kjem heim i dag, seier Nærum.

Rullebana vert sjekka for skader etter skjelvet. Ifølgje flyselskapet vil det kome meir informasjon i tolvtida.

Ber nordmenn kontakte sine

Pressetalsperson i Utenriksdepartementet, Astrid Sehl, opplyser til NTB at de arbeider gjennom natten med å skaffe oversikt over situasjonen.

Hun oppfordrer alle i området til å følge råd fra lokale myndigheter.

– Vi oppfordrer nordmenn i området til å ta direkte kontakt med sine pårørende. Vi oppfordrer også nordmenn i området til å registrere seg på reiseregistrering.no, slik at norske myndigheter kan formidle eventuell informasjon.

TIPS OSS: Nyhetstips 03030

SISTE NYTT

Siste nytt